– Det er venta temperaturauke, og då følgjer andre faktorar med, som ekstremnedbør. Det blir ein vesentleg auke i kraftig nedbør, både i intensitet og førekomst, seier regionsjef for NVE vest, Brigt Samdal.
I dag leverer dei fylket sin klimaprofil over til fylkespolitikarane, slik at dei veit kva ein kan vente av utfordringar framover og bu seg så godt som mogleg på dette. Profilen er utarbeidd av Norsk Klimaservicesenter, i samarbeid med NVE, Meteorologisk institutt og UNI Research.
Innhaldet bør ikkje overraske, då fagmiljøa i lengre tid har vore klare på at eit våtare og villare klima er å vente. Denne rapporten går endå meir i djupna og ser nærare på detaljar for fylket.
– I Sogn og Fjordane vil klimaendringane særleg føre til behov for tilpassing knytt til større flaumar, fleire skred, havnivåstigning og stormflo, ekstremnedbør og auka problem med overvatn, seier Hege Hisdal, hydrolog og klimarådgjevar i NVE/Norsk Klimaservicesenter.
Kommunane har hovudansvaret
Rapporten tek til orde for at bygningar og viktig infrastruktur må plasserast i god nok avstand frå bekkar og elvar. Tilrådinga er også at bekkar og vassvegar ikkje blir lagde i røyr av omsyn til flaumavleiing og vassdragsmiljø.
- Les også:
- Les også:
Kommunane og fylkeskommunane sitt arbeid med og ansvar for arealplanlegging er difor særs viktig for å sko seg best mogleg.
– Ein må unngå å bygge seg inn i område som kan bli meir utsette for dei endringane som skjer. Ein må ha gode system for å handtere vatn generelt. Samstundes har kvar enkelt ansvar for å tenkje gjennom korleis vi lever våre liv. Alle må ta inn over seg at endringane skjer og bidra til å motverke det, seier Samdal.
I rapporten blir det også peika på utfordringar som kanskje ikkje har vore like langt framme i medvitet som flaum og skred.
– Tørke kan også bli eit problem. Ein skulle ikkje tru det når ein kan få problem med mykje vatn, men det kjem an på når vatnet kjem. Høgare temperaturar kan gje høgare fordamping som igjen gjev tørke. Det er ting ein ikkje har tenkt gjennom og sett føre seg, seier Samdal.