Hopp til innhold

– Kommunane hadde liten fokus på faren

Voss og Odda kommune får kritikk for feil og manglar ved flaumsikringa før oktoberflaumen i 2014.

Flom i Opoelva i Odda

DRAMATISK: Den rasande elva i Odda tok med seg fem bustadhus i oktoberflaumen i 2014. Til saman blei 11 hus og fire bruer blei tatt av dei frodande elvemassane i Aurland, Lærdal, Voss og Odda.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Begge kommunane hadde lite fokus på flaumfaren. Mange av områda vart bygde før det var vanleg å driva arealplanlegging, rett og slett, seier prosjektleiar Halvor Danevik ved Vestlandsforsking.

Rapporten frå Vestlandsforsking er laga på oppdrag frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Etter oktoberflaumen på Vestlandet i 2014 var skadeomfanget uventa stort, og på Voss og i Odda var flaumen større enn nokon anna flaum i nyare tid.

Tok feil av flaumfare i Opoelva

Rapporten slår fast at i Odda hadde ingen av reguleringsplanane langs Opoelva vurdert flaumfaren.

Lokalt vart elva ikkje oppfatta som flaumfarleg, og kommunen hadde ikkje tilstrekkeleg fokus på naturfare i planlegginga, skriv forskarane.

Det same gjeld i stor grad for Voss kommune.

Kommunen vedgår at dei var for lite merksame på flaumfaren før katastrofen råka i 2014.

– Flaumfare var rett og slett ikkje tatt med. I 1991 blei det gjort endringar i utløpet av Vangsvatnet som skulle handtera tidlegare problem med flaum. Endringa fungerte godt i mange år, og me levde med oppfatninga om at flaum ikkje lenger var eit stort problem i Voss kommune, seier rådmann Einar Hauge i Voss.

Nytt kulturhus vart råka

Kulturhuset blei bygd like over stranda ved Vangsvatnet rundt 2010. Det blei plassert akkurat så høgt over vassflata som NVE tilrådde. Det var likevel ikkje nok til å hindra at flaumen gjorde store skadar inne i bygget.

–​ Gav NVE dykk dårlege råd?

– Nei, me fekk råd basert på den kunnskapen dei sat med på det tidspunktet. Det er kommunen som står ansvarleg for kva som kjem inn i reguleringsplanen, men i realiteten legg me avgjerande vekt på råda frå NVE, seier rådmann Hauge.

Kommunen må førebu seg på fleire større flaumar i framtida.

– Det som er ein 200-års flaum på Voss i dag kan bli ein 20-års flaum. På Voss betyr det at ein ikkje kan ha vanlege funksjonar i første etasje på Vossevangen. I nye bustadblokker blir første etasje no omdefinert til parkeringsbygg, seier Danielsen.

Voss kulturhus

OVERSUMT: Kulturhuset på Voss som stod ferdig i 2011, fekk store skadar etter flaumen.

Foto: Erling Johnsen

Bygde for lågt

I tinghuset på Vossevangen tok kommunen ikkje nok omsyn til det dei visste om flaumfaren. Der blei eit nybygg godkjent sjølv om kjellaren med dyrt teknisk utstyr låg 1, 2 meter under den nedre flaumgrensa.

– Ein har tatt ein kalkulert risiko ved å bygga her, seier Danielsen.

Hauge seier det var mogleg å bygga der.

– Ein kan bygga under flaumgrensa så lenge ein sikrar det mot skade. Men det var svakheiter ved området rundt bygget, så ein har fått tilbakeslag frå avløpsnettet og inn på det tekniske rommet.