Hopp til innhold

Flåmsbana stengd etter ras

Store steinar dundra rett ned på jernbanespora til turistmagneten Flåmsbana. Arbeidet med å rydde opp vil truleg ta heile dagen.

Flåmsbana

RASA NED: Store steinar rasa ned på sporet til Flåmsbana.

Foto: Bane NOR

Flåmsbana er stengd etter eit steinras tysdag ettermiddag. Togruta går gjennom vakre og ville Flåmsdalen, og trekkjer til seg lass på lass med turistar gjennom året.

– Bana blir truleg stengt i heile dag, men vi veit meir sikkert seinare i dag, seier pressevakt i Bane Nor, Olav Norli

Raset har ført til skadar på sporet. Arbeidarar er på plass for å sikre og reparere skadane.

– Det er skadar som vi må gjere noko med, seier Norli.

Flåmsbana, ei av dei brattaste togreisene i verda på normalspor, frakta fleire hundre tusen turistar i Aurland. Togreisa har frå fleire hald vorte skildra som ei av dei vakraste togreisene ein kan ta i heile verda.

Flåmsbana går fire gonger om dagen no på vinteren.

Turistar tek bilete frå Flåmsbana
Foto: Sverre Hjornevik