Hopp til innhold

Flagga på halv stang for gruvesaka

Motstandarane av gruvedrift i Engebøfjellet firte torsdag ettermiddag det norske flagget på halv stang i Vevring.

Flagget på halv stang i Vevring

PÅ HALV STANG: 30-40 menneske hadde møtt opp til markeringa, der gruvemotstandarane heiste flagget på halv stang i skuffing over vedtaket om drift i Engebøfjellet.

Foto: Ole Erik Thingnes

– Vi markerte at vi er veldig skuffa over vedtaket i kommunestyret i går. Samstundes er dette starten på ein ny kamp, ein kamp vi er ganske sikre på at vi til slutt skal vinne, seier Magnar Falkenstein.

Både Naustdal og Askvoll sa ja

Han er Raudt-politikar i Naustdal kommunestyre, og var ein av dei fire som stemte imot gjennomføring av dei omstridde gruveplanane i Engebøfjellet ved Vevring:

For å kunne utvinne det verdifulle metallet rutil, må selskapet Nordic Mining dumpe mange hundre tonn steinmasse i Førdefjorden i 50 år framover.

Trass stor motstand for miljøvernarar og lokalbefolkning, gjekk kommunestyret i Naustdal inn for planane med 17 mot fire representantar. Torsdag følgte kommunestyret i Askvoll etter.

LES OGSÅ:

– Eit dødsstøyt mot bygdene våre

Men motstandarane gir ikkje opp kampen: Klokka 16.30 heiste dei flagget på halv stang på Vevring.

– Vi skal mobilisere alt vi kan av miljøkrefter, folk som jobbar med havet, sjøen og jordbruket - og kjem sjølvsagt til å ta kontakt med Miljøverndepartementet, seier Falkenstein.

– Vedtaket i kommunestyret er eit dødsstøyt mot bygdene her. Difor gjorde vi denne sterke markeringa det er å heise flagget på halv stang, forklarer han.

Det skal ha vore mellom 30 og 40 menneske til stades på markeringa i Vevring.