Motstandarane gir ikkje opp kampen mot gruvedrift

Gruvemotstandarane gir ikkje opp kampen mot dei omstridde gruveplanane i Engebøfjellet i Naustdal. Kommunestyret har no bestemt seg for å gå for det eit av landets største gruveprosjekt.

Kommunestyremøte om Vevring-utbygginga

IKKJE TAPT: Sjølv om Naustdal kommune sine politikarar sa ja til gruveplanane, er ikkje kampen tapt for motstandarane.

Foto: Vidar Gudvangen/NRK

Politikarane i Naustdal kommune sa onsdag kveld ja til gruveprosjektet ved Førdefjorden. Men gruvemotstandarane legg ikkje ned kampen.

– No skal det mobiliserast for fullt. Vi skal gjere det vi kan før Miljøverndepartementet tek si endelege avgjerd i saka, seier Arne Underlid, leiar i Vevring og Førdefjorden miljøgruppe til NRK.no.

– Saka er ikkje tapt

Nordic Mining vil starte gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal kommune. For å kunne utvinne det verdifulle mineralet rutil må selskapet dumpe mange hundre tonn steinmasse i Førdefjorden i 50 år framover. Saka vart i kommunestyret avgjort med 17 mot fire røyster.

– Eg er veldig skuffa. Men saka er heldigvis langt ifrå tapt. Vi håpar at saka vil få eit positivt resultat i Miljøverndepartementet, seier Underlid.

Leila Klausen, som bur i Vevring, hadde følge av eit hundretals demonstrantar på kommunestyremøtet onsdag kveld. Dei folkevalde måtte bane seg veg mellom slagord og plakatar.

– For meg og min familie er det viktig at gruveprosjektet ikkje blir realisert. Eg ønskjer å bu i Vervring, og eg ønskjer å bruke naturen og fjorden slik det er i dag, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinbrotet i Engebøfjellet

GRUVE: Nordic Mining vil har gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal. Det vil også kommunestyret.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

170 nye arbeidsplassar

– Vedtaket er kjempeskuffande. Eg hadde håpt at fleire ville stemme imot. Det blir ikkje kjekt å komme heim. Eg er glad ungane sover slik at eg slepp å fortelje dei dette no, sa Klausen rett etter møtet.

Det er det skjeldne mineralet rutil, brukt som kvitningsstoff i mellom anna måling og tannkrem, som har lokka det børsnoterte selskapet Nordic Mining til Sunnfjord.

Verdiar for 30 milliardar ligg gøymd i Engebøfjellet i kunstbygda Vevring. Gruva åleine vil gi 170 gruvearbeidsplassar, og ringverknadene kan bli endå større.

Problemet er at gruva dei første åra vil vere eit ope dagbrot. Overskotsmasse frå gruva skal dumpast i eit sjødeponi i Førdefjorden. Fire kilometer av havbotnen vil bli lagt aude.

Som plaster på såret skal gruveselskapet dei ti første åra gi vertskommunen Naustdal og nabokommunen Askvoll 30 millionar kroner. I tillegg skyt dei inn drygt 40 millionar til opprusting av fylkesvegen.

Det er berre tre veker sidan administrasjonen kom med si instilling. Avgjerda kom for brått, meinte Viggo Leikanger i Senterpartiet. Han og fleire representantar ville ha saka utsett, ikkje minst for å få forhandla fram ein betre avtale med gruveselskapet. Men eit soleklart fleirtal ville ikkje gå med på det.

– Eg er svært skuffa. Svært skuffa, sa Leikanger til NRK.no rett etter møtet.

Smilande menn

Ordførar Håkon Myrvang (Ap) var derimot ein glad mann etter møtet i går.

– Eg er veldig glad for at saka fekk så stor oppslutnad, seier han.

Smilet sat også laust hos administrerande direktør Ivar S. Fossum i Nordic Mining.

– Først og fremst er eg glad for at Naustal har framtidsretta politikarar som ser verdien av langsiktig næringsutvikling, seier Fossum.