NRK Meny
Normal

Fjord1 står på sitt i omstridd ferjenedlegging

Fjord1 var i dag invitert til Aurland for å reinse lufta etter den turbulente avgjerda om å legge ned tradisjonsrike turistruta mellom Gudvangen og Kaupanger. Men lite tydar på at ferjeselskapet vil endre standpunkt.

Ferjekø i Kaupanger

SLUTT: Frå sommaren av er det nok slutt på ferjekøen som dannar seg på kaia i Kaupanger, der turistane i årevis har strøymt til for å ta den spektakulære turen frå Kaupanger til Gudvangen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har valt å legge ned ruta på grunn av dårleg økonomi og ein pressa materiell situasjon. Dagens møte endrar ikkje noko i høve det, seier Stian Hårklau i Fjord1.

Ferjeselskapet si avgjerd kom like før jul, og kom nærast som julekvelden på kjerringa for fleire. Trass 40 000 passasjerar på ruta som går mellom Gudvangen og Kaupanger gjekk drifta berre så vidt i balanse i fjor.

Feilslått turistsatsing, meiner ordførar

Samstundes som avgjerda kom er det også på det reine at ferjeselskapet ynskjer å satse meir og større på nettopp turisttrafikk. Då vert avgjerda om nedlegging eit stort paradoks, meiner Aurlandsordførar Noralv Distad.

– Å ta vekk noko som eit første steg er heilt feil når dei har bestemt seg for å satse, seier ordføraren som har skrive eit formelt brev til Fjord1 for å få dei til å kome på andre tankar.

Ferjeselskapet meiner på si side at dei skal satse på reiseliv framover.

-Vi har stor tru på turistnæringa framover, men vi ynskjer å gjere endringar. Vi vil bygge opp vårt hovudprodukt, som er Flåm – Gudvangen og legge ressursar der, seier Hårklau.

Aurlandsordførar Noralv Distad og Stian Hårklau i Fjord1 er ikkje samde om ferjenedlegginga.

USAMDE: Aurlandsordførar Noralv Distad meiner nedlegging av ferjeruta mellom Kaupanger og Gudvangen er eit feilgrep. Ferjeselskapet og Stian Hårklau (t.h.) står på sitt.

Foto: Halvor Farsund Storvik

Kan gjere andre vurderingar i framtida

Distad meiner at turistane blir dei største taparane, men er klar på at også næringslivet og lokalsamfunnet som er knytt til båten og drifta vil tape på nedlegginga.

– Ruta har livets rett også i framtida, understrekar Distad.

Gründer Mads Bækkelund har allereie kome på bana og meldt si interesse for å ta over etter Fjord1 på strekninga. Det er eit initiativ som blir helsa velkome av reiselivsselskapet Visit Sognefjord. Leiar, Ståle Brandshaug er likevel klar på at dei i utgangspunktet ynskjer å ha med seg Fjord1 vidare.

– Dette er ei av kjernerutene som vi har hatt trua på, og vi trudde ikkje den stod i fare. Vi er positive til alle som vil vurdere ruta, men vi vil først ha Fjord1 på bana, seier Brandshaug.

Men Hårklau og ferjeselskapet er avvisande til å snu i saka med det første.

– Ingenting er hogd i stein, og kva som vil skje i framtida kan vi ikkje seie noko om no, det må nye vurderingar gje svar på, avsluttar Hårklau.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå