Hopp til innhold

Fjordvisjon-gründeren vil overta tradisjonsrik ferjerute på Sognefjorden

Knappe tre veker etter at Fjord1 varsla at dei legg ned turistferjeruta frå Gudvangen til Kaupanger, så kjem Mads Bækkelund på bana og vil overta ruta. Han lovar at det skal bli ei ferje på strekninga seinast frå 1. juni.

Mads Bækkelund

STARTAR FERJERUTE: Mads Bækkelund om bord i Fjordvisjon, som også skal gå faste turistruter på Sognefjorden til sommaren.

Foto: privat

Det har vekt stor merksemd at Fjord1 har valt å leggje ned ferjeruta frå Gudvangen til Kaupanger frå komande sommar. I fjor frakta dei om lag 40.000 turistar på strekninga. I dag er representantar frå reiseliv og kommunane samla til møte om saka i Aurland.

Men no kjem Mads Bækkelund inn frå sidelinja som ein reddande engel. Han er hittil mest kjend som eigar og kaptein på passasjerbåten Fjordvisjon, som mellom anna blei brukt under innspelinga av TV-seriane Oppdrag Sognefjorden og Oppdrag Nord-Norge på NRK.

Trur dei kan tene pengar på ruta

– Vi har i lenger tid sett at Fjord1 slit litt i motvind og må leggje ned ruter som elles er kommersielle, så vi overtek Kaupanger-Gudvangen frå 1. juni, kanskje alt frå 1. mai. Vi set inn ei bilferje med to avgangar kvar einaste dag. Vi trur det er ei fin rute som er lett å drive kommersielt utan tilskot, og vi vil byggje opp den langsiktig, seier Bækkelund til NRK.

– Kvifor gjer du dette, når Fjord1 no meiner at ruta ikkje lenger er mogleg å tene pengar på?

– Eg har rett og slett tru på fjorden, og ser på dette ei perle av ei rute. Med god servering, hyggelege folk og god marknadsføring, så vil dette fungere optimalt. Det var 40.000 passasjerar i fjor, og det er ikkje sikkert vi får så mange. Men vi vil oppretthalde ruta og dyrke den vidare, seier Bækkelund.

Reiselivsnæringa i Sogn ynskjer i utgangspunktet at Fjord1 revurderer si avgjerd, men Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord, helsar alle aktørar som eventuelt kan tenkje seg å ta over den tradisjonsrike ruta velkomne.

– Vi må sjå etter andre aktørar som kan ta over ruta, så viktig er den. Vi er positive til alle initiativ, og trur det er mogleg å tene pengar på ruta, seier Brandshaug til NRK fredag ettermiddag.

Har fått tilbod om ledige ferjer

Han hevdar at dei alt har fått tilbod om å leige tre ulike ferjer for komande sesong, og det neppe vil bli vanskeleg få den konsesjonen dei treng frå fylkeskommunen for å kunne drive ruta.

– Vi kjem truleg til å ha ei bilferje som tek 99 passasjerar, og all annan erfaring og løyve har vi frå før. Vi må ha eit unntak frå konsesjon, eller ein konsesjon frå fylkeskommunen. Men det trur eg dei og alle andre forstår at no er vi klare til å overta denne ruta, meiner Bækkelund.

Ingen i samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som må gje dei naudsynte løyva for ruta, har så langt vore tilgjengelege for kommentar.

Revsnes og ferje sett frå rv5 mellom Kaupanger og Mannheller

TURISTVENLEG: Ferje på veg ut Amlabukta på veg mot Sognefjorden og Nærøyfjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK