Hopp til innhold

Desse godsakene sel ferjeselskapet 800 000 av i året

Innteninga til Norges største ferjeselskap går som varme sveler med smørkrem på. Selskapet sel 800 000 av dei i året!

Sveler på Fjord1-ferje

MILLIONBUTIKK: Ferjedrift er god butikk på Vestlandet. Men det er også sal av sveler.

Foto: Fjord1

I dag presenterte Norges største ferjeselskap, Fjord1, resultatet sitt for tredje kvartal 2017.

Den viser eit overskot på 222 millionar før skatt, og 537 millionar kroner før skatt hittil i år.

– Ein stabil og god drift på alle sambanda våre, og ein god sommarsesong bidreg til det relativt gode resultatet, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland til NRK.

Svelt ikkje

Ferjedrifta er den store årsaka til resultatet. Men ferjekaféane og konseptet «Ferdamat» bidreg med sitt.

For kundar som «sveler» unna dei varme lefsene med smørkrem eller brunost på, er med på å gje ferjekaféane ei omsetning på rundt 200 millionar kroner i året.

Og omsetninga er aukande.

– Svelesalet er kanskje betre enn i fjor. Det er svært gledeleg. Svele og kaffi er vi stolte av å kunne levere.

– Vi kjem til å passere 800 000 selde sveler i år. Deler du tal sveler på tal dagar, så blir det mange om dagen, seier direktøren.

– Ein klassikar

– Kor mykje har sveler å seie for økonomien i Fjord1?

– Det er klart at ferdamatkonseptet og cateringen er viktig. Vi omset for knappe 200 millionar kroner i året på det.

– Og mesteparten er sveler?

Dagfinn Neteland

GÅR UNNA: Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

– Nei, vi sel fleire ting. Men svelene er ein klassikar.

– Kaffi og svele kostar 57 kroner. Gonger du med 800 000 blir det ein del pengar?

– Ja, det blir det. Det er heilt rett.

Totalt for selskapet var omsetninga på nesten 762 millionar i tredje kvartal, som er ein vekst på 11 prosent frå tredje kvartal i fjor.

Første halvår har selskapet delt ut 250 millionar kroner i utbyte til eigarane. Selskapet kalkulerer med å betale 53,5 millionar kroner i skatt i 2017, ifølge selskapet sin presentasjon.