Hopp til innhold

Firda Billag vann bussanbod

Firda Billag har sikra seg kontrakt på busskøyring i Sunnfjord fram til 2024.

Ekspressbuss i Førde

VANN SUNNFJORD: Firda Billag-bussar blir å sjå i Sunnfjord i minst ni år til.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er veldig glad, for det var veldig viktig. Vi burde vinne dette anbodet, og vi vann med stor margin. Akkurat det likte eg ikkje heilt, for når eg veit fasiten ser eg at vi kunne ha lagt på litt meir, seier ein nøgd administrerande direktør Peter Midtun i Firda Billag.

Anboda vart opna fredag. Firda Billag sitt anvod er på 149,4 millionar kroner, Nettbuss sitt på 171,4 millionar og Tide Buss sitt anbod er på 180 millionar.

Formelt sett er ikkje kontrakten tildelt enno. Det skal skje i månadsskiftet april/mai, men med så stor prisskilnad er det liten tvil om at Firda Billag får anbodet.

Kontrakten på busskøyring i Sunnfjord gjeld frå juni 2016 og i åtte år framover. I tillegg er det ein opsjon på eitt pluss eitt år, slik at dei kan vere sikra fram til 2026. Frå før har Firda Billag busskontrakt på Nordfjord fram til 2024.

Peter Midtun

GLAD DIREKTØR: Peter Midtun.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Neste år skal kontrakten på busskøyring i Sogn tildelast, og Midtun seier at dei satsar på å vinne den og. Han seier at dei strekte seg langt for å vinne Sunnfjord-anbodet.

– For oss var det veldig viktig å få dette anbodet. Men vi meiner vi skal greie å drive desse rutene for den prisen vi leverte inn. Men som sagt, når vi veit kor lang avstand det var til Nettbuss, er det litt ergerleg at vi ikkje skaffa oss litt betre margin.

Peter Midtun ser ikkje fylkesgrensene som noka hindring for ekspansjon. Firda Billag har alt vore med i tevlinga om to anbod i Møre og Romsdal som dei ikkje nådde opp i.

– Vi ønskjer å vere eit busselskap som gjer seg gjeldande på resten av Vestlandet, men det er eit meir langsiktig mål.

Firda Billag har i dag om lag 200 bussar, og det er rundt 220 tilsette i bussdelen av Firda Billag. I heile Firda Billag-gruppa er det 540 tilsette.