Hopp til innhold

Firda Billag overtek bussrutene i Nordfjord frå neste år

Firda Billag har vunne anbodet for bussrutene i Nordfjord, og overtek dermed drifta etter Nettbuss som har den i dag.

Firda Billag frå Handelshustaket

OVERTEK NORDFJORD: Firda Billag vann anbodet om bussrutene i Nordfjord.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Firda Billag er ein av tre som la inn anbod på Nordfjord-rutene, og torsdag vart det kjent at dei overtek rutenettet.

Det vil seie at Firda Billag skal drifte bussrutene i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn frå slutten av juni neste år.

Nettbuss Nordfjord-Ottadalen og Tide Buss var dei to konkurrentane til Firda Billag. Tilbodet frå Firda Billag var på 53 249 700 kroner, medan Nettbuss Nordfjord-Ottadalen ville drifte bussrutene for 53 775 120 kroner og Tide Buss for 53 882 855 kroner.

Ein jublande direktør

Administrerande direktør i Firda Billag, Peter Midthun, er svært nøgd med resultatet.

– Vi vart veldig glade då vi fekk vite det. Vi har som målsetjing at vi skal vere med å kjempe om bussmarknaden i Sogn og Fjordane. Dette er det første anbodet vi er med på, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Peder Midthun, adm. dir. Firda Billag.

GLAD: Administrerande direktør i Firda Billag, Peter Midthun er strålande glad etter å ha vunne anbodet på Nordfjord-rutene.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ein ting er å vinne anbod, det kan alle gjere, utfordringa er å vinne til rett pris. Forskjellen mellom oss tre som har gitt anbod er veldig liten, og det betyr at vi har treft rimeleg godt. Det er eg veldig glad for, for å kjøpe anbod har ingen hensikt.

Aukar produksjonen med 25 prosent

Dei nye rutene betyr ein stor auke i produksjonen til Firda Billag, og vil medføre fleire nye bussar og tilsette.

–Ja, vi er nøydd til å ha ein god del nye bussar og fleire tilsette. Dette utgjer om lag 25 prosent av den produksjonen vi har i dag. Det betyr altså ein auke i produksjonen på om lag 25 prosent.

Dermed kan billaget no feire.

– Det er nøydd til å bli herleg kake no, seier Midthun.

Jamt mellom konkurrentane

Kontrakten vert inngått etter at klagefristen for dei to andre operatørane har gått ut i slutten av april. Seinare skal bussrutene i Sunnfjord og Sogn også ut på anbod. Rutene i Sunnfjord skal startast opp i 2016, medan rutekøyringa i Sogn startar i 2017, går det fram i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum seier at alle dei tre konkurrentane oppfylte krava i anbodet, som ho meiner har vore ganske spesifisert på at kriteriet for avgjerda var lågast pris. Dermed vart det Firda Billag som gjekk av med ein hårfin siger.

– Det vart pengane som avgjorde til slutt, i og med at det var. Det at dei kom så likt ut til slutt tyder på at det er gjort godt arbeid alle stader og at dei vurderer rimeleg likt, seier Veum.

Ho fortel at bakgrunnsarbeidet for anbodsrunden har vore omfattande.

– Vi starta arbeidet med å reise rundt og GPS-registrere og fotografere alle busstopp, anten dei hadde stoppskilt eller ikkje. Det dreidde seg om over 1400 berre i Nordfjord. Og så er det teikna opp alle rutene som bussane skal køyre i detalj, seier fylkesdirektøren.