Hopp til innhold

Firda beklagar feilopplysning på framsida av avisa fredag

I går melde Firda at over 500 arbeidsplassar var vekke frå fylket under Høgre/Frp regjeringa. Det reelle talet var 900 fleire og no beklagar dei feilen.

Firda retting

FRAMSIDA: Til venstre er gårsdagens framside av Firda, der dei skriv at fylket har mista over 500 arbeidsplassar under den blåblå regjeringa. Til høgre er rettinga som vart gjort i laurdagsavisa.

Yngve Årdal

Firdaredaktør, Yngve Årdal.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er utruleg viktig at vi prøver å skaffe fram rett informasjon. Det skal vise godt igjen både på nett og papirutgåva vår at vi har gjort ein feil som er veldig beklageleg, sa Yngve Årdal, redaktør i Firda til NRK fredag kveld.

For på framsida og over to sider i gårsdagens avis viste Firda til tal frå Statistisk sentralbyrå, som viste at over 500 arbeidsplassar var vekke frå fylket under den blåblå-regjeringa.

Men det viste seg å vera feil, og i går kveld publiserte Firda ei beklaging på nett, der dei skriv at «dette stemmer ikkje. Her har Firda brukt statistikk på feil måte. Vi fekk imidlertid ikkje informasjon om at SSB i 2015 endra på kvar dei hentar sine tal frå. Sjølv om endringa skal gjere talgrunnlaget meir korrekt, kan ein ikkje samanlikne tal mot tidlegare år.»

Uheldig

Saka kjem midt i valkampen og fleire politikarar frå Høgre og Framstegspartiet har tatt til sosiale medium for å seie si meining om saka.

For fylkesdirektøren for næring seier til Firda at fylket fekk 900 fleire arbeidsplassar i perioden mellom 2013 og 2015.

Frida Melvær

Stortingskandidat for Høgre, Frida Melvær.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er klart at når desse tala vert lagt ut på framsida og to sider inne i avisa så gjer det inntrykk. Eg håpar at flest mogeleg får med seg rettinga, seier stortingskandidat for Høgre, Frida Melvær.

NRK siterte Firda si sak i går på radio, og beklagar at vi brakt vidare opplysningar som viste seg å ikkje vera rette, utan å faktasjekk sjølve.