Hopp til innhold

Festbråk, narkotikabruk og mindreårige henta av foreldre

Det har vore ei travel natt for politiet i Sogn og Fjordane. Det er meldt om festbråk og slåsting i både Sogndal, Førde og Florø.

politibil

SINNE: Politiet melder om festbråk fleire stadar i fylket natt til søndag.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Alt tidleg i går kveld vart ein mann i Florø tatt inn til avhøyr for å ha narkotika. Vidare utover kvelden og natta hadde politiet nok å henge fingrane i.

I Sogndal fekk ein rusa mann i 40-åra pålegg om å halde seg vekke frå ein utestad i sentrum, ei kvinne i 20-åra vart meldt til politiet for drikking i sentrum og fleire folk laga bråk utanfor ein utestad.

Bråk på utestad og valdeleg konflikt

I Florø vart ein rusa mann i 30-åra sett i arrest etter å ha laga bråk på ein utestad i sentrum. Seinare vart det meldt om slåsting i Hans Blomgate. Der skal ein mann i 30-åra skal ha slått til ein mann i 20-åra etter ei konflikt mellom sistnemnde og ei kvinne.

Festbråk, narkotikabruk og mindreårige henta av foreldre

I Førde er det meldt om mykje festbråk. Først vart politiet bedne om å assistere då uvedkomande laga bråk på ein privat fest. Så melder politiet at dei i morgontimane har vore og avslutta ein fest i Slåttebakkane etter klager om bråk. På ein fest i Halbrendslia vart 12 mindreårige henta av foreldre og fem menn i 20-åra som var på same fest er melde til politiet for bruk av narkotika.