Hopp til innhold

Ferjebyte blir møtt med sinne i Nordfjord

Det andre ferjebytet på under eitt år reduserer kapasitet frå 120 til 108 bilar på ferjesambandet Anda-Lote. Det skapar reaksjonar i Nordfjord.

MF Årdal

KJEM TIL NYTTÅR: MF Årdal blir sett i drift på Anda-Lote frå nyttår. Dermed er kapasiteten på ferjesambandet redusert frå 120 til 108 bilar på under eitt år.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Først var det MF Lote som gjekk over fjorden. På nyåret var den bytt ut med MF Lifjord, som både var mindre og hadde færre propellar, noko som raskt førte til problem. Frå nyttår kjem ei enno mindre ferje, MF Årdal.

– Det vi fryktar er at dette er ei nedbyggjing av dette sambandet, seier ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal.

Overoppfyller krava

Han den reduserte kapasiteten vil auke trafikken på fylkesveg 60 over Utvikfjellet, der køyreforholda om vinteren ikkje er dei beste. I tillegg er han uroa på vegner av dei mange som pendlar mellom Gloppen og Eid.

Anders Ryssdal

KRITISK: Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, fryktar ei nedbygging av ferjesambandet Anda-Lote.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Ein del av uroa rundt Lifjord var at det var to propellar. Førre vinter var det ein del styggevêr og det var straumar i fjorden som gjorde at det var vanskeleg å komme til land på Anda-sida. Det er vi framleis nervøse for. Vi risikerer at dette europavegsambandet blir stengt, seier Ryssdal.

Statens vegvesen er dei som skal godkjenne alle ferjebyte.

– Hovudårsaka til at vi har sagt ja, er at MF Årdal overoppfyller kontrakten mellom Fjord1 og staten. Kravet er 95 bilar, medan MF Årdal har kapasitet til 108 bilar. Framleis er det godt over det som er kontraktskravet, seier ferjekoordinator i Statens vegvesen, Anders Sæternes.

Håpar på auka kapasitet

Han er ikkje med på at ferjebytet representerer noko nedbygging av ferjesambandet Anda-Lote.

– Det er ei mindre justering av kapasiteten, seier han.

På same tid minner han om at MF Årdal er den tredje nyaste ferja i fylket. Og vegvesenet har heller ikkje registrert at fleire bilar vart ståande att etter det førre ferjebytet.

Ordførar Ryssdal håpar på endringar når sambandet no skal ut på anbod.

– Eg håpar på auka kapasitet, slik at ein får lokka til seg ein del av den tungtrafikken som elles ville gå på Utvikfjellet og fylkesveg 60. Det viktigaste er at det blir noko som trafikantane i Nordfjord blir fornøgde med, seier han.