Hopp til innhold

Krev svar om ferjene frå Statens vegvesen

Arnstein Menes (Sp), leiar av samferdsleutvalet, krev at Statens vegvesenet svarar for problema på ferjesambanda.

Menes krev svar

KREV SVAR: Stenginga av ferjesambandet Anda-Lote og regulariteten på Lavik-Oppedal har fått ferjekritikarane til å skjerpe knivane. No krev Arnstein Menes svar frå Vegvesenet.

Foto: Montasje / NRK

Fleire er sterkt kritiske til at Lote-Anda har vore stengd i fleire timar i dag. På Lavik-Oppedal fører det forsinka inntoget til batteriferja Ampere til mindre hyppige avgangar. Samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane skal ha møte på måndag. Der kjem Menes til å krevje svar frå Vegvesenet.

– Vi er kjent med problema og det er svært uheldig for næringslivet i fylket vårt og alle reisande som blir ramma, seier han.

Ikkje godt nok

Han er seier politikarane vil stille krav om betre regularitet.

– Vi har over lang tid kjempa for auka frekvens på desse sambanda og har klare forventningar om at det som er oppsett skal haldast på ein god måte.

Spørsmålet er kva pressmiddel politikarane eigentleg rår over. Det er anboda som regulerer kva krav som skal stettast, og desse kan ikkje endrast før i neste runde. Difor seier Menes det no handlar mest om å få fakta på bordet.

– Vi vil først og fremst krevje svar Statens vegvesen på kva som er kontrakten med dei ulike selskapa, så blir det å øve press på sentrale myndigheiter for å få betre regularitet på desse sambanda. I tillegg vil vi spørje kva stenginga vil ha å seie for beredskapen i området, seier han.

Trur byte av ferje kan vere årsaka

Nyleg vart ferja MF Lifjord sett inn på sambandet mellom Anda ferjekai i Gloppen og Lote ferjekai i Eid kommune. MF Lote, som har trafikkert sambandet i fleire år, skal ut av sambandet.

Grunnen til innstillingane vi har sett i dag er ikkje uvêr, men ei svak ferje, meiner kritikarane.

Dette er eitt moment Menes vil ha klårheit i.

Vi er opptekne av tilbodet til innbyggjarane våre. Spesielt den situasjonen som har vore på Anda-Lote, så vil vi gjerne ha svar på om dette heng saman med at dei har sett inn anna materiell på denne strekninga i det siste, seier han.