Det starta med Stangfiske i Måneskinn i fjor haust. I si tid vunne på eit 25-øres lodd, og selt for 2,3 millionar kroner. Så heldt det fram med Vinternatt på fjellstølen, Begravelsesdag i Jølster og Rausilje-Nils - som gjekk for mellom 800.000 og ein million kroner.
Løft på slutten av 80-talet
Foto: Johan Albert Mohn AS
No følgjer ein variant av Kari på Sunde som skal auksjonerast vekk i juni. Det er vurdert til ein pris på mellom 500 000 og 700 000 kroner. Kari var dotter til Nikolai. Det finst i alle fall to versjonar av biletet, og versjonen som skal auksjonerast vekk no er måla mellom 1918 og 1920.
Nikolai Astrup fekk eit stort løft på slutten av 80-talet. Då starta også samlaren Jon Christian Brynildsen å byggje opp ei unik samling av Astrup-kunst. Utstillingane som følgde vart sett av 150 000 menneske.
Dei verkelege praktstykka som framleis måtte vere i marknaden blir truleg omsett utanfor auksjonssystemet. Men etter prisen som vart oppnådd på Stangfiske i Måneskinn - så har altså fleire eigarar fått lyst til å teste marknaden.