Hopp til innhold

Fem år etter Kvivsvegen: hyttebygginga og folketalet går i kvar si retning

HORNINDAL (NRK): Fem år etter at Kvivsvegen vart opna ser ein korleis milliardprosjektet har påverka næringsliv, arbeidsliv og kommunegrenser. I Harevadet Hyttegrend finn vi eit mini-Sunnmøre.

Inge Olsen

TIL HIMMELS: Hytteutbygginga i Hornindal har skote fart etter at Kvivsvegen opna i 2012. – Fem nye tomter vert starta på no i vinter, fortel utbyggar og grunneigar Inge Olsen i Harevadet Hyttegrend.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein sterk lyskastar lyser opp den halvferdige hytta og tung snø vert spada vekk ifrå stillaset. Snart kan ein familie frå Ålesund køyre gjennom Kviven og reise på hytta si i Hornindal.

– Då vi starta i 2010 visste vi at Kvivsvegen skulle kome. Utan vegen hadde vi aldri turt å begynne på dette, seier Inge Olsen.

Saman med fem andre grunneigarar starta han med hytteutbygging ved skisenteret i Hornindal. Fem år etter vegopninga har dei selt 57 tomter og 45 hytter er bygde.

– Eg brukte å seie at vi berre var ei bygd lagt inn i gokk, alle køyrde jo rundt, men no er det 20 minutt til Volda. Det er eit eventyr for oss. Vi har moglegheit til å bygge ut bygda, seier Olsen om tida før og etter Kvivsvegen.

Mini-Sunnmøre

Kvivsvegen vart opna med ei stor folkefest 22. september 2012. Resultatet av fire tunnelar, 650 000 arbeidstimar og vel ein milliard kroner er tydeleg, mellom anna på hytteturismen.

Opning av Kvivsvegen

ENDELEG OPNING: Små og store møtte opp i hopetal for å sjå dåverande kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete klippe snora midt inne i Kvivstunnelen.

Foto: Øystein Torheim / NRK

– 95 prosent er sunnmøringar, hovudsakleg frå Volda, Ørsta, Hareid, Ulsteinvik og Ålesund, seier Olsen.

– Kvivsvegen opna alle moglegheiter.

På kommunehuset Smia i Grodås sentrum sit han som vil gå inn i historia som den sist ordføraren i Hornindal kommune.

– Det er eigentleg ei historie før og ei etter opning av Kvivsvegen. Ikkje minst gjeld det talet på folk som er innom bygda, folk legg att pengar, seier Stig Olav Lødemel (H).

Men stikk i strid med forventningar og forhåpningar har folketalet i Hornindal gått nedover sidan vegopninga. Under folkefesten budde det 1236 personar i kommunen, no er talet 1196.

– Eg trur mykje står i stil til forventningane, men klart at vi helst skulle sett ei meir positiv folketalsutvikling. Det er avgrensa kva effekt ein klarar å hente ut på fem år. Der har vi litt igjen, seier ordføraren.

Politisk påverknad

At Kvivsvegen også skulle kome til å endre kommunekartet, var det kanskje ikkje så mange som såg føre seg.

– Vi tenkte ikkje nødvendigvis på kommunesamanslutning, men at vegen ville medføre endringar på korleis vi såg på offentleg verksemd, er heilt opplagt, seier ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda kommune.

Jørgen Amdam og Stig Olav Lødemel (t.h.)

GÅR SAMAN: Ordførar Jørgen Amdam i Volda (til venstre) og Stig Olav Lødemel i Hornindal slår kommunane saman til nye Volda kommune i 2020.

Foto: Silje Guddal / NRK

Volda og Hornindal vert ein felles kommune frå 2020. Lødemel meiner ei samanslåing ikkje hadde vore mogleg utan Kvivsvegen.

– At Kvivsvegen har opna nye moglegheiter ligg i saka si natur. Veldig mange honndøler orienterar seg nordover når det gjeld handel og jobb, seier Lødemel.

Inge Olsen foran ei hytte i Harevadet Hyttegrend

SNART FERDIG: Denne hytta, med hems og fire soverom skal vere klar like over nyttår.

Foto: Silje Guddal / NRK