NRK Meny
Normal

Vegen i Stigedalen blir ikkje fylkesveg

I Volda blei det både glede og forvirring då samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen skulle avklare kva som skal skje med ferjesambandet Volda-Folkestad og riksvegen gjennom Bjørkedalen og Stigedalen.

Volda Eid

Klokka 14.15 laurdag blei det kalla saman til eit kjapt pressemøte på ferjekaia i Volda. Her blei det litt forvirring om europavegstatusen. Men det som står att er at vegen gjennom Stigedalen ikkje blir nedklassifisert til fylkesveg.

Foto: Terje Reite / NRK

Regjeringa har bestemt at det er den indre lina, Kvivsvegen, og bru over den indre delen av Nordfjorden, med tunnel gjennom Utvikfjellet, som skal vere den framtidige, ferjefrie E39.

Kjetil Solvik Olsen

Samferdsleminister Kjetil Solvik Olsen.

Foto: Terje Reite / NRK

Odd A. Folkestad

Odd A. Folkestad er gruppeleiar i Ferjelista i kommunestyret i Volda.

Foto: Terje Reite / NRK
– Det er heilt klart at i framtida er det den indre lina som skal vere E39, seier statssekretær Jon Georg Dale til NRK.

På ferjekaia i Volda var det laurdag kalla saman til eit uformelt pressemøte. Vegen på Hjartåberget var nettopp opna, og samferdsleministeren var på veg til bompenge avslutninga på Eiksundsambandet.

– Må ikkje bli fylkesveg

Før samferdsleministeren var på plass på ferjekaia i Volda, gjorde gruppeleiaren i Ferjelista i Volda, Odd A. Folkestad opp status.

Vårt verste mareritt er om ferjesambandet og vegen Folkestad-Bjørkedalen-Stigedalen-Eid blir fylkesveg. Fylkeskommunane har ikkje pengar, og det vil gå ut over både vedlikehaldet og rutefrekvensen på ferja, sa han.

Forvirring og forsnakking

Han, og fleire av dei andre frammøtte, sto med forventningar om at samferdsleministeren skulle proklamere at den omtalte vegen IKKJE skulle nedklassifiserast til fylkesveg, men at ein slik veg som kryssar ei fylkesgrense skulle få status som riksveg. Blant desse blei gleda ekstra stor då samferdsleministeren gjekk endå eit steg vidare, og fastslo at vegen ikkje berre skulle vere riksveg, men faktisk også europaveg.

Denne vegen skal vere europaveg til brua over den indre delen av Nordfjorden og tunnelen gjennom Utvikfjellet står ferdig, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen til forsamlinga av pressefolk og samferdslepolitikarar.

Samferdselsministeren har i dag sagt at Indre linje er valgt for E-39. Likevel ser han det ikkje som naturlig å nedklassifisere Stigedalen til fylkesveg før ny trase er utbygd. Det betyr at Stigedalen blir skilta med stipla linje mot E-39, og at staten beheld ansvaret for drift og vedlikehald.

Statssekretær Jon Georg Dale på Facebook

Held fram som riksveg

Under dette pressemøtet greip statssekretær Jon Georg Dale inn med ei presisering, men måtte kome med korrigering ein halvtime etter pressemøtet. Der gjekk det fram at realiteten ikkje var heilt slik samferdsleministeren hadde sagt.

– Indre linje er valt for E39. Stigedalen skal framleis vere riksveg, og skal ikkje nedklassifiserast til fylkesveg. Det er ikkje slik at E39 skal gå via Stigedalen fram til den nye vegen er ferdig, slik som samferdselsministeren først sa på Volda ferjekai laurdag ettermiddag, seier statssekretær Jon Georg Dale til NRK.

Og han presiserer vidare:

– Det vi meinte å gå ut med er at Stigedalen blir skilta med stipla linje mot E39, og at staten beheld ansvaret for drift og vedlikehald, seier han.

På Facebook laurdag ettermiddag presiserte statssekretær Jon Georg Dale at Kvivsvegen frå og med i dag er E39. Men Stigedalen blir verande riksveg og ikkje fylkesveg, fram til brua over indre Nordfjord og tunnel gjennom Utvikfjellet til Byrkjelo er ferdig.

På ferjekaia var det glede blant dei som har kjempa for den midtre lina, sjølv om dei innser at det framtidige linjevalet for E39 står fast. Etter dementia og presiseringane etter pressemøtet står det fast at Volda-Folkestad-Bjørkedalen-Stigedalen-Eid ikkje blir nedklassifisert til Fylkesveg. Odd. A. Folkstad og hans medsamansvorne unngår dermed det dei kallar for skrekksenarioet.