Hopp til innhold

Fekk landsmøtet med seg på lik nettleige over heile landet

KrF har på landsmøte i helga vedteke å kjempe for lik nettleige i heile landet.

Tore Storehaug i Sogn og Fjordane KrF

NETTLEIGE: Tore Storehaug er stortingskandidat for KrF i Sogn og Fjordane.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Det kjennest urimeleg at dei delane av landet som produserer straumen skal vere dei som betaler mest i nettleige, seier stortingskandidat Tore Storehaug.

Berre Hordaland har høgare kraftproduksjon enn Sogn og Fjordane, men det syner ikkje att på straumrekninga. Nettleiga er nesten 40 prosent høgare enn landssnittet

Forskjellen for ein bustad som bruker 20.000 kilowatt i året er på 12.000 kroner på billigaste og dyraste nettleige. Totalprisen vert avgjort av kor ein bur og kven som eig kraftnettet i området.

– No har vi fått med oss eit fleirtal på landsmøtet til KrF for at ein skal ha ei utjamning av nettleiga, slik at den blir like i heile landet, seier Storehaug.

Fleirtal på Stortinget

Tidlegare har både Arbeidarpartiet og Venstre gjort liknande landsstyrevedtak.

Det har også fylkesstyret i Senterpartiet gjort.

– Om eg ikkje har forstått det heilt feil så har både Ap, Venstre og Senterpartiet gått inn for ei slik ordning no. Det er viktige jobbar som fleire fylkeslaget i Sogn og Fjordane har gjort. Dermed har vi no fått eit fleirtal, og då forventar eg at Stortinget kjem til å følge dette opp, slik at vi får ei meir rettvis nettleige, seier Storehaug.