– Vi ønskjer ei ordning lik det vi har på anna type infrastruktur, som til dømes telefon, veg og bane, der det kostar det samen anten ein nyttar ei teneste i Sogn og Fjordane, Finnmark eller Oslo, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet Liv Signe Navarsete.
Fylkesstyret i Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev no at Stortinget vedtek ei utjamningsordning for nettleige som gir tilnærma lik pris til alle abonnentar uavhengig av kvar ein bur.
- LES OGSÅ:
Ueinig med Søviknes
Nyleg sa olje- og energiminister Terje Søviknes kva han meinte om saka:
SJØLVFINANSIERT: olje- og energiminister Terje Søviknes meiner det er greitt med ulike prisar på nettleige i ulike delar av landet.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix– Stortinget har sagt at nettleige skal syne att i kostnaden dei ulike kraftselskapa har med å få fram straumen til forbrukarane. Derfor blir det ulikt i ulike delar av landet, men sånn må det vere i eit system som skal vere sjølvfinansiert, sa Søviknes.
Denne utsegna har Navarsete bite seg merke i.
– Det er ikkje slik som Søviknes seier. Det må ikkje vere sånn. Dette er politikk. Dette kan vi gjere noko med og dette bør vi gjere noko med, seier ho.
- LES OGSÅ:
Vil ha ei systemendring
Navarsete ser for seg ei systemendring for å kunne jamne ut prisane på nettleige.
– Det er fleire måtar å gjere det på. Til dømes kan Statnett vere ein regulator som kompenserer lokale straumleverandørar som må forsterke sitt nett for å få fornybar energi ut på sentralnettet. Det vil då bety at ein må heve nettleiga litt for kundar andre stadar for å få ei utjamning, seier Navarsete.
- LES OGSÅ: