Hopp til innhold

Vil ha like nettleige til alle – fekk gjennomslag

Som einaste fylkesparti ville Sogn og Fjordane Arbeidarparti ha lik nettleige i heile Norge inn på partiprogrammet. På landsmøtet fekk dei gjennomslag.

Helge Robert Midtbø på landsmøtet arbeiderpartiet

PÅ TALARSTOLEN: Stortingskandidat for Arbeidarpartiet, Helge Robert Midtbø.

Foto: Sogn og Fjordane Arbeiderparti

– Ein god dag på jobben, seier Helge Robert Midtbø som er stortingskandidat for Ap i Sogn og Fjordane.

Før landsmøtet til partiet i helga, var den største kampsaka til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane å få til ei utjamning av nettleiga.

– Vi har jobba hardt med dette for å få gjennomslag og det fekk vi, seier ein strålande nøgd Midtbø på telefon frå landsmøtet.

Sogn Avis omtalte saka først.

Landets dyraste straum

Straumkundar i Sogn og Fjordane betalar landets dyraste straum, trass i at fylket er blant dei aller største produsentane av fornybar energi.

På landsmøtet vedtok partiet at ei utjamning av nettleiga skal inn på partiprogrammet til hausten. Forskjellane i nettleiga har gjort at enkelte straumkundar har fått dobbelt så høg straumrekninga som andre, avhengig av kor ein bur i landet. Skilnaden på nettleige i dag gjer at straumkundar i til dømes Oslo betalar om lag 50 øre per kilowatt time. Til samanlikning er prisen over 70 øre i Sogn og Fjordane.

– Det må bli ein nasjonal dugnad slik det er i andre saker. Ingenting er gratis og for at dette skal gå i orden vil det bli eit nasjonalt spleiselag, der nokon betaler litt meir slik at distrikta ikkje får urimeleg høg nettleige, seier Torbjørn Vereide i Sogn og Fjordane Ap.

– Dette er viktig for dei store forbrukarane. Blant anna er det ei slik utfordring knytt til Elkem Bremanger som vil bli løyst om dette forslaget vert sett ut i live. Og så er det viktig for nettselskapa, slik at dei kan forme dei beste nettløysingane for drift av nettet utan at løysingane skal gje store økonomiske konsekvensar for sluttbrukarane, seier han.

Vedtaket frå landsmøtet ser slik ut:

«Ap vil innføre ein utjamningsordning for nettleige, og sørge for ein likeverdig nettariff for store forbrukarar (industrien) med høg brukstid uavhengig av om elektrisiteten blir henta frå regional- eller sentralnett. Fornybar energi skal vere ein betydeleg del av bidraget til eit grønt skifte.»