Brukar 750.000 kroner på å betale fiskarar for ikkje å fiske

Kvart år vert fiskarar på Færøyene og Grønland betalt for å ikkje fiske etter laks. Betalinga kjem frå ihuga villaksforkjemparar i mellom anna Noreg.

To villaks — en hunn og en hann — gjør seg klar til gyting i Daleelven, Sogn og Fjordane

NY AVTALE: I følgje avtalen med grønlandske fiskarar skal pengane mellom anna gå til økonomisk utvikling, vitskaplege undersøking og utdanning retta mot bevaring av ressursar i havet.

Foto: Lars Erik Ørgersen / FiskeTV

Avtalen mellom villaksinteresser og lokale fiskarar på Færøyene og Grønland er av det uvanlege slaget. I 12 år framover skal fiskarane få betalt for ikkje å fange villaks.

– Det er ein avtale som skal verne laksen på sine oppvekst- og vandringsområde, seier styreleiar Jens Olav Flekke i Redd Villaksen.

Organisasjon, som jobbar for å sikre bærekraftige bestandar av norsk laks og sjøørret, brukar i år 750.000 kroner på avtalen.

– Dette er gamle rettar som fiskarane har. Vi synest det er ryddig at vi i staden for å kjempe for at fisket stansar, så ønskjer vi å bidra til at dei kan finne anna næringsverksemd.

– Den norske pandaen

Mellom andre paraplyorganisasjonen North Atlantic Salmon Fund står i bresjen for avtalen, som kom i stand første gong i 1991. Etter lange forhandlingar klarte ein i mai å forlenge avtalen i 12 nye år.

Tanken er at ved å hindre laksefiske med line i farvatna utanfor Grønland og Færøyene vil fleire laks returnere til mellom anna norske lakseelver. Flekke vedgår at det er uråd å måle kor effektiv ordninga er.

Jens Olav Flekke

LIDENSKAPLEG FISKAR: Styreleiar Jens Olav Flekke i Redd Villaksen er godt nøgd med at partane vart samde om ein ny avtale for å redde villaks.

Foto: privat

– Men kvar laks som vert spart, har i alle fall ein sjanse til å kome tilbake. Vi veit at fangstane rundt Færøyene var veldig store, ein fiska opp hundrevis av tonn periodevis.

Flekke ser på villaksen som den norske pandaen.

– Vi gjer det fordi laksen totalt sett på nordatlantisk nivå er truga.

Kritisk til lengda på avtalen

Trass i at avtalen hindrar fiskarar å nettopp fiske, er Fiskarlaget positive.

– I utgangspunktet vil ein slik avtale vere bra og styrke moglegheitene for laksebestanden, men tidsrommet set eg spørsmålsteikn ved, seier leiar Kjell Ingebrigtsen i Noregs Fiskarlag.

– Kvifor det?

– Når avtalen går over lengre tid vil du frårøve ein del av den kulturen det er å fiske laks. Den kompetansen og kunnskapen som ligg hos laksefiskarane vil forsvinne.

– Sjølaksefiske på laks fiskar på blanda bestandar. Ein veit ikkje kva for stamme ein fiskar på, derfor bør ein ikkje fiske laks i sjøen, svarar Flekke.

Auksjonspengar

Det er fiskarlag på Færøyene og Grønland som vert betalt, men Flekke vil ikkje ut med den samla summen.

– Dette er eit internasjonalt spleiselag, der mange land er med, særleg USA og Island.

Pengane får Redd Villaksen gjennom ein årleg auksjon der laksefiske vert auksjonert vekk.

– Vi får inn om lag 1,3 millionar kroner i løpet av fire timar på denne auksjonen.

Altaelva og Årøyelva er dei mest populære elvane.

– Dei går for store summar, gjerne til ein utlending som har lyst til å fiske i desse elvane, men som ikkje slepp til på anna måte.