For varaordførar Harald Kvame (H) var det dobbel grunn til å ete kake. Han har bursdag i dag, og han tykte regjeringa sitt ja til gruvedrift var ei fin bursdagsgåve.
– Eg fann ut i dag at eg ville spandere kake på dei som kom hit til kommunehuset då vi fekk det som eg synest er ei gladmelding i dag tidleg.
– Men samstundes har eg stor respekt for dei som har vore imot prosjektet og som framleis er det. Så dette er ikkje noko storarta feiring, men det er ei markering, og for meg var det den største bursdagsgåva eg kunne få utanom familien, då, seier bursdagsbarnet.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
– Stort for meg
– Kvifor er det så viktig for deg at det no ser ut til å gå mot realisering av gruveprosjektet?
– Eg har sett på det som næringsutvikling, og eg er veldig interessert i det. Eg trur det vil få store ringverknader både i Sunnfjord, i Sogn og Fjordane og i heile landet. Det er stort for meg som har arbeidd med dette i så mange år at det no har kome ei avgjerd.