Det er 29 medisinampullar som har forsvunne.
- Førebels er ingen mistenkte i saka, seier etterforskingsleiar Dag Øyen. Men politiet utelukkar ikkje at det kan vere personar utanfrå som har stole medisinen. Sjølv om avdelinga ikkje skal vera tilgjengeleg for folk utanfrå, kan dette likevel ha skjedd, meiner Øyen.
Skjerpa rutinar
Direktør Aud Viken på Førde Sentralsjukehus seier at medisinen som er borte ikkje er klassifisert som eit narkotikum, men det vert likevel ført nøyaktig kontroll med forbruket. Sjukehuset har skjerpa rutinane sine etter at medisinen vart borte, og vurderer også å gjere medisinromma sikrare.