Hopp til innhold

Får ros for innsatsen i Skatestraumtunnelen

SVELGEN (NRK): Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er godt nøgd med innsatsen under sommarens brann i Skatestraumtunnelen.

Stig Holm og Magne Igland

– DRAMATISK: Stig Holm (t.v.) var innsatsleiar under brannen i Skatestraumtunnelen. Brannsjef Magne Igland var på ferie i Alaska. Han rosar innsatsen til brannfolka.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Stig Holm var på jobb og hadde ansvaret for Bremanger brannvesen då meldinga om brannen kom klokka 10.27 den 15. juli. Han forstod straks at det var ei dramatisk og alvorleg ulukke.

– Vi veit at det er ein undersjøisk tunnel. Vi måtte gå ut frå at det var folk i tunnelen, og at dei kunne vere alvorleg skadde.

Det gjekk om lag 30 minutt før dei var framme ved tunnelen. Undervegs fekk dei vite meir og meir.

Brannsjefen var i Alaska

– Det første vi gjorde då vi kom fram var å ta kontakt med sjåføren av tankbilen. Det var viktig informasjon, og vi kunne bruke den strategien vi hadde lagt på vegen ut. Vi måtte forsikre oss om at det ikkje var folk i den røykfrie delen av tunnelen, og deretter var det å snu røyken, slik at vi kunne søke der det hadde vore røyklagt.

Magne Igland er brannsjef i Bremanger. Han var i Alaska på ferie den 15. juli, og fekk det heile servert gjennom media. Han meiner det var viktig at det vart kalla ut nok ressursar.

– Innsatsleiaren vår gjorde ein veldig god jobb. Det kunne ikkje ha vore gjort så mykje annleis. Og lokalkunnskapen var kjempeviktig.

Haavard Stensvand

SMILANDE EVALUERING: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand konstaterer at det meste fungerte som det skulle i arbeidet med brannen i Skatestraumtunnelen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– God samhandling

God styring, erfaring og god informasjonsutveksling er stikkord fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand trekte fram då arbeidet med eksplosjonen i den undersjøiske tunnelen 15. juli vart evaluert i Svelgen i dag. Politi, brannvesen og helsevesen var representert på møtet. Stensvand sa at det meste gjekk bra.

– For det første gler vi oss over at ingen omkom, og ingen vart alvorleg skadde i brannen. I løpet av dagen har vi høyrt at redningsinnsatsen fungerte veldig bra, kanskje betre i ein del andre hendingar.

For i ein del andre store ulukker har det mangla ein del på samhandlinga mellom ulike etatar.

– Her fungerte det godt. Det var ei god styring heilt frå tidleg i hendinga. Det at vi her i Sogn og Fjordane har vore gjennom mange større ulukker dei siste åra har gitt oss lærdom som vi no ser positive konsekvensar av, både her i Skatestraumtunnelen og ved brannen i Gudvangatunnelen.

No skal lærdommen, både det positive og det som ikkje verka heilt på topp, registrerast, slik at det kan kome til nytte ved framtidige ulukker.

Brannmenn på veg inn i Skatestraumtunnelen

DRAMATISK: Brannmenn gjer seg klare til å gå inn i Skatestraumtunnelen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Kaotisk i starten

Margot Åsebø i Statens vegvesen var sjølv på jobb den 15. juli.

– Vi sette krisestab, vi skjønte at det var ei alvorleg hending når ein tilhengar med 16.500 liter bensin eksploderer. Det var litt kaotisk i starten, det var vanskeleg å få vite om det var folk i tunnelen.

Ho seier det var viktig at sjåføren av tankbilen brukte ein av naudtelefonane i tunnelen.

– Då kunne vaktsentralen vår lokalisere kvar det hadde skjedd. Berre få sekund etter vart tunnelen stengd med raudt blinkande lys, slik at det ikkje kom fleire folk inn i tunnelen.

Når arbeidet med å reparere og oppgradere Skatestraumtunnelen er ferdig vil det vere tettare mellom naudstasjonane, 150 meter mellom kvar, og det blir telefon og brannsløkkingsapparat på alle naudstasjonane. Det blir og naudlys for kvar 25. meter.