Hopp til innhold

Opprettar kriseteam etter brannen i Skatestraumtunnelen

Bremanger kommune er sett i beredskap etter brannen i Skatestraumtunnelen. – Dette er skrekkscenariet som ein fryktar med ein slik undersjøisk tunnel, seier varaordførar Nina Grotle.

Rådhuset til Bremanger kommune

KRISETEAM: Bremanger kommune er sett i beredskap etter brannen i Skatestraumtunnelen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Tre personar er sendt til Førde sentralsjukehus med røykskadar etter at ein hengar med 16 500 liter bensin losna frå trekkvogna og trilla i fjellveggen før den eksploderte.

I alt 15 personar har så langt berga seg ut av tunnelen. Ni personar er evakuerte på begge sider av tunnelen.

– Vi har oppretta kriseteam både i Svelgen og på Hauge. Vi følgjer situasjonen etter kvart og får oppdateringar frå alarmsentralen og Vegvesenet, seier varaordførar Nina Grotle.

To kriseteam

Ulukka vart meldt klokka 1027 då eit vogntog på veg frå Måløy til Florø mista hengaren på veg opp den 1,9 kilometer lange tunnelen. Politiet har ikkje opplysningar om at det skal vere fleire personar eller bilar i tunnelen, men røykdykkarar gjennomsøker tunnelen.

Kommunen opplyser på sine nettsider at dei har oppretta kriseteam.

– Innbyggjarane skal kunne ta kontakt både i Indre og Ytre, men eg er ikkje kjend med at nokon har teke kontakt endå. Dei kan få medisinsk hjelp eller få snakke om opplevingane ein har hatt om ein har behov for det, seier varaordførar Grotle.

Stengd i fleire dagar

For to år sidan vart 11,5 kilometer lange Gudvangatunnelen stengd i ein månad etter at ein lastebil byrja å brenne to-tre kilometer inne i tunnelen. Kring 70 menneske vart sendt til sjukehus i Lærdal, Førde, Bergen og Voss.

Det er uvisst kor lenge Skatestraumtunnelen blir stengd.

– Det er sagt at det kan bli stengd i nokre dagar, men situasjonen er så ny at ein ikkje veit kor lenge dette kan dreie seg om. Det er sett inn ekstraressursar på ferjesambandet Måløy – Oldeide, så får ein vurdere å setje inn beredskapsferje på Smørhamn – Kjelkenes, seier Grotle.

Held kontakt med Helse Førde

– Kva følgjer vil ein stengd tunnel få?

– Det er sett inn ekstraressursar på ferjesambandet, og når det gjeld legevakta så er vi på der, og har ressursane som skal til. Vi har også kontakt med Helse Førde når det gjeld beredskapsdelen.

Verken føraren eller dagleg leiar Bent Hammersvik i Måløy Havneservice har noko forklaring på kvifor hengaren losna. Hengaren hadde nett vore på service.

Rosar føraren

Varaordførar Grotle prisar seg lukkeleg over at sjåføren sleppte forbi ferjekøen, og handla så resolutt då hengaren losna.

Han varsla naudetatane og fekk stogga trafikken på veg inn i tunnelen.

– Det var sjølvsagt veldig godt gjort av føraren, seier Grotle.