Hopp til innhold

Meiner kommunen uansett ikkje hadde grunnlag for å ta borna

Det var aldri lovleg grunnlag for å ta nokon av dei fem borna frå den norsk-rumenske familien i Naustdal. Det hevdar advokaten til den rumenske faren.

Demonstrasjon i Stryn mot Barnevernet

STOR MERKSEMD: Lokalt, og over heile verda, har det vore store demonstrasjonar mot barnevernet i Naustdal kommune.

Foto: Fjordingen

– Vilkåra for at Naustdal kommune skulle ta over omsorga for dei fem borna i Naustdal-saka var ikkje til stades for nokon av borna, seier advokat Ragnhild Torgersen.

Fredag vart det kjent at Naustdal kommune inngår ein samarbeidsavtale med den norsk-rumenske foreldreparet om å tilbakeføre alle borna til familien.

NRK erfarer at det var i samband med hovudbehandlinga i fylkesnemnda for barnevernssaker at Naustdal inngjekk denne avtalen.

Inngjekk forlik om barna

Rådmann Øyvind Bang Olsen ville fredag ikkje seie kvifor dei hadde kome fram til løysinga og viste til teieplikta. Men at kommunen hadde sett at samarbeidstiltak er det beste og at kommunen ville gjere tiltak som skapte ro og tryggleik i familien.

For å korrigere bildet rådmannen gav, sette advokatane til foreldreparet seg ned og skreiv ei pressemelding.

– I ly av barnevernstenestas etterfølgjande pressemelding og utsegner understrekast det at vilkåra for omsorgsovertaking ikkje var oppfylt, skriv Ragnhild Torgersen og Ingrid Breistein som representerer høvesvis faren og mora.

Hevdar kommunen braut avtale

Til NRK seier Torgersen at vilkåra for at Naustdal skulle ta omsorga ikkje var til stades for nokon av borna.

– For familien var det viktig å få understreka at vilkåra for å ta over omsorga ikkje var til stades for nokon av borna, seier Ragnhild Torgersen.

Ho seier partane var einig om ei felles presseutsegn etter at avtalen var inngått, men at Naustdal kommune braut denne.

– Sett frå familiens synsvinkel var kommunen sin omtale av avtalen ubalansert og det vart nødvendig å gå ut og understreke at vilkåra for å ta omsorga permanent frå foreldra, ikkje var fylt.

Kjenner seg trygg på avgjerda

Rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal kommune avviser kritikken, også om det som kom fram i det som skulle vere ei felles pressemelding.

– Vi kjenner oss ikkje heilt att i det som advokaten seier. Vi opplevde å få ein god dialog med dei involverte og då pliktar vi også å vurdere kva som er det minste inngrepet.

Han seier at kommunen forstår at familien føler at ting har teke lang tid, men syner til at saka etter deira syn har vore behandla grundig og forsvarleg.

– Vi kjenner oss jo trygge på dei vurderingane vi har gjort, og barnevernet pliktar jo til ei kvar tid å vurdere kva som er det beste for barna.