NRK Meny
Normal

Her herja Sogndal mot erkerivalen med sju lokale spelarar. No har pipa ein annan lyd...

For berre få år sidan florerte det med lokale spelarar på Sogndal. Dei siste kampane har berre to frå fylket fått spele frå start.

Kvelden 25. september 2011 vart ein festaften på Fosshaugane. Sogndal slo BRann 1-0 med sju lokale spelarar på bana.

HUGSAR DU? Sjå høgdepunkta frå kvelden Sogndal slo Brann 1-0 med sju spelarar frå Sogn og Fjordane frå start. Scoring: Ørjan Hopen på corner.

Trenarkrefter i Sogn og Fjordane er kritiske til det dei meiner er ein manglande fylkesprofil på Sogndal.

Vi har skrudd klokka tilbake til kvelden 25. september 2011. Nesten 6000 tilskodarar på Fosshaugane er i ekstase då Sogndal slår Brann 1-0 etter scoring av sogndølen Ørjan Hopen.

Det er ein av dei store kveldane i klubben si historie.

På laget var det sju spelarar frå Sogn og Fjordane frå start: Mats Solheim, Even Hovland, Per Egil Flo, Henrik Furebotn, Ørjan Hopen, Ulrik Flo og Ruben Holsæter.

Berre to frå Sogn og Fjordane

Så skrur vi klokka fram igjen til august 2014. Dei siste kampane har Sogndal hatt to spelarar frå eige fylke i startoppstillinga. Mot Strømsgodset 2. august var Rune Bolseth og Ulrik Flo mellom dei 11 som starta kampen.

Begge vart bytte ut i løpet av kampen. Inn kom Mahatma Otoo og Tim André Nilsen. Kampen vart altså avslutta utan ein einaste spelar frå Sogn og Fjordane.

Mot Viking den 16. august var igjen Bolseth og Flo dei einaste frå Sogn og Fjordane i startoppstillinga. Også der vart begge bytte ut, inn kom Helge Haugen og Tim André Nilsen.

Men mot Viking kom også Eirik Skaasheim frå Balestrand inn som innbytar, så kampen vart avslutta med iallfall ein spelar frå fylket.

Terje Rognsø

KRITISK: Florø-trenar Terje Rognsø.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Trist for fotballen

Og kritikarane let ikkje vente på seg. Florø-trenar Terje Rognsø reagerer på det han meiner er ei endring av fylkesprofilen til Sogndal.

– Eg synest det er trist at Sogndal finn det nødvendig å endre på den profilen dei har hatt. Eg greier ikkje sjå at det er nødvendig heller. Men dei har teke eit val, og eg synest det er trist for fotballen i Sogn og Fjordane.

– Kvifor er det trist?

– Fordi unge spelarar som har draumen om å kome dit no ser at dei ikkje er i nærleiken. Mange gonger opplever dei at Sogndal hentar inn spelarar frå andre stader. Og vi som driv innan fotballen og publikum lurer av og til på dei spelarane som blir henta inn utanfrå.

Håvard Flo

- UTFORDRANDE: Sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Utfordrande innimellom

Så kva har eigentleg skjedd? Sportsleg leiar Håvard Flo forklarer det slik:

– Dette varierer frå år til år relatert til det med å ha lokal identitet. I våre statuttar er det nedfelt at vi skal vere 50 prosent frå vårt fylke. Så ser vi det som klubb at dette innimellom blir utfordrande.

– No har vi selt lokale spelarar som har fått sjansen til å gå til nye og større oppgåver, og det er og i våre statuttar at vi skal vidareforedle og selje når høvet byr seg. Det har vi gjort i det siste, og då er det natuleg at vi får ei utfordring rundt den lokale identiteten.

– Bør halde fast på profilen

Spelar- og trenarutviklar Jan Tore Jåstad i Sogn og Fjordane Fotballkrets er mellom dei som er uroa over det som skjer.

Jan Tore Jåstad

BEKYMRINGSFULLT: Jan Tore Jåstad i fotballkrinsen.

Foto: Stig Høynes

– No ser vi at andelen av lokale gutar går ned, og eg synest det er veldig bekymringsfullt for utviklinga av toppspelarar i fylket. For det er gjennom Sogndal dei skal gå.

– Men samstundes er biletet litt meir nyansert, og det er ein del omstende som treff på ein gong som gjer at det blir slik. I kulla som er fødde i 1995, 1996 og 1997 finn vi ikkje einartypar som Even Hovland og Per Egil Flo var på si tid.

Men han er likevel kritisk til at Sogndal no i media annonserer at dei endrar profilen sin.

– Det å kaste vrak på det som har halde dei i toppfotballen i 40 år fordi dei opplever nokre svingingar som eg meiner er naturlege er bekymringsfullt. Eg meiner Sogndal bør halde fast på det som har vore suksessfaktoren deira.

– Ikkje spesielt underhaldande

Florø-trenar Terje Rognsø forstår at det er viktig for Sogndal å berge plassen i eliteserien.

– Eg ser at det spesielt på grunn av økonomien er viktig, men samstundes går det ut over måten dei spelar fotball på. Dei utviklar ikkje eige spel, utanom det å vere god til å øydeleggje for andre. Eg veit ikkje kor lenge du kan halde på med det før det til slutt ikkje går lenger.

Rognsø har sett fleire av kampane til Sogndal i år, og han er redd for at store delar av publikummet vil vende laget ryggen.

– Det er ikkje spesielt underhaldande å sjå Sogndal spele fotball for tida.

– Er Sogndal gode nok på spelarutvikling for tida?

– Nei.

– Ikkje redd for etterveksten

Totalt har sogningane no ni lokale namn i stallen. Berre eit fåtal av dei er såkalla sentrale på laget. Så er spørsmålet korleis Sogndal ser for seg framtida.

For klubben har framleis som mål å ha 50 prosent spelarar frå eige fylke. Håvard Flo understrekar at Sogndal er godt orientert om det som skjer på grasrota.

– Vi er veldig godt oppdaterte. Det er mykje positivt i etterveksten i fylket, og det finst framtidige Sogndal-spelarar mellom dei. Så eg er ikkje redd for det.

– Korleis ser fylkesprofilen i Sogndal ut neste år?

– Eg trur vi kjem til å gjere nokre tiltak. Det er litt for tidleg å seie noko sikkert, men vi kjem nok til å spe på med lokale spelarar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser