Hopp til innhold

Får kritikk etter dødsulukke

Helse Førde får skarp kritikk av Helsetilsynet i samband med den alvorlege bilulukka på Haus i april i fjor.

Trafikkulykke i Nordfjord

TO OMKOM: Ulykka skjedde rett etter ein sving på riksveg 15 mellom Kjølsdalen og Bryggja.

Foto: Øystein Torheim

Alarmkontrollsentralen kalla ikkje ut personell frå Nordfjord sjukehus til ulukkesstaden då to ungdommar omkom.

– Ikkje god nok internkontroll

Dette er fagleg utforsvarleg og viser at internkontrollen i helseføretaket ikkje har vore god nok, konkluderer Helsetilsynet.

Tilsynet ber om at Helse Førde reviderer beredskapsplanen og går gjennom instruksen til AMK-sentralen.

– Tek kritikken på alvor

Trafikkulykke på Rv. 15

FÅR KRITIKK: Helse Førde får kritikk frå Helsetilsynet for å ha handla uforsvarleg.

Foto: Øystein Torheim

Helse Førde seier dei tek tilbakemeldinga frå Helsetilsynet på alvor og at dei allereie har hatt ein gjennomgang av reglane for utkalling av helsepersonell frå sjukehus til hendingar utanfor sjukehusa.

– Vi tek denne kritikken på alvor. Det er ei svært vanskeleg og uheldig sak for dei involverte, seier Olav Hesjedal som er avdelingssjef på avdeling for akuttmedisin.

– Kva gjer denne saka vanskeleg?

– Det var askesky og det var ikkje mogleg for luftambulansen å fly, og sjukehuset som låg nærast har begrensa ressursar med helsepersonell.

– Men trass i dette, så har Helsetilsynet kome fram til at dette ikkje var godt nok. Kva tenkje du om det?

– Vi må sjå på om det er noko vi kan gjere klarare og meir tydeleg, slik at AMK har tydelege retningslinjer å gå etter.

Kan ikkje garantere at det ikkje skjer igjen

Sjølv om dei no har gått gjennom beredskapsplanen, kan ikkje Hesjedal garantere for at slikt ikkje kan skje igjen.

– Eg veit at dette kan skje igjen. I visse situasjonar kan det vere misforhold mellom tilgjengeleg redningspersonell og det som er naudsynt i situasjonen.