Hopp til innhold

- Hadde ikkje høg fart

Den 18 år gamle føraren av ulukkesbilen i Eid har inga forklaring på kvifor ulukka skjedde.

Trafikkulykke i Nordfjord

To ungdomar frå Vanylven omkom i trafikkulukka ved Haus laurdag.

Foto: Øystein Torheim

To av kameratane hans på 16 og 18 år omkom i ulukka . Den 19 år gamle eigaren av ulukkesbilen er alvorleg skadd og får intensivbehandling på Haukeland Universitetssykehus i Bergen.

Føraren av ulukkesbilen vart lettare skadd i ulukka, og er no avhøyrd av politiet.

- Han forklarar at dei hadde kring 80 kilometer i timen då dei køyrde innover. Kva som har skjedd, akkurat då ulukka skjedde, er vanskeleg å seie. Han har heller ikkje noko formeining om det sjølv, seier lensmann i Eid, Webjørn Moa.

Kan ikkje konkludere

- Er det spor på staden som tilseier at bilen har hatt høgare fart?

- Nei, førebels kan ikkje vi konkludere med noko som helst. Vi er tidleg i etterforskingsfasen og vonar vitneavhøyr, spor på staden og eksperthjelp kan seie noko om ulukkesårsaka, seier Moa.

Uvisse om vegbana

Ulukka skjedde då fire ungdomar reiste til Eid for å kjøpe billeg bensin. På vegen skal bilen ha vore nær ved å frontkollidere med ein møtande bil. Bilen skal også hatt dårlege sommardekk.

- Om det medverka til det som skjedde er uvisst. Det er også ein disputt om det var vatn i hjulspora og om vegbana var våt, seier Moa.

Avhøyre vitne

Politiet vil halde fram med etterforskinga på ulukkesstaden ved Haus, og vil også gjennomføre tekniske undersøkingar av ulukkesbilen. Måndag startar avhøyr av vitne til ulukka.

- Det var ein del folks om såg kva som skjedde. For oss er det viktig å få snakke med dei. Dette er andre bilistar på vegen som møtte bilen og som såg kva som skjedde, seier