Hopp til innhold

Tilstanden er alvorleg for 19-åring

To gutar i slutten av tenåra døydde, mens ein er alvorleg skadd og ligg på Haukeland universitetssjukehus i Bergen etter ulykka i Eid.

Trafikkulykke på rv. 15

TRAGEDIE: Ulykka skjedde rett etter ein sving på riksveg 15 mellom Kjølsdalen og Bryggja.

Foto: Øystein Torheim

Bilen med fire ungdommar i køyrde i fjellveggen ved Haus på riksveg 15 i Eid kommune laurdag ettermiddag.

Les også:

Alle er unge

Ein 19-åring vart alvorleg skadd, mens fjerdemann, sjåføren, slapp frå ulykka med lettare skader.

Ein av dei fire døydde på staden og éin døydde seinare laurdag kveld.

– Alle er tenåringar, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane
politidistrikt.

Ingen luftambulanse

På grunn av flyforbodet måtte den skadde 19-åringen fraktast i ambulanse til Bergen i staden for i helikopter, ein tur som tek fleire timar.

Klokka 10.45 får NRK Sogn og Fjordane opplyst ved Haukeland universitetssjukehus at mannen er alvorleg skadd og tilstanden hans er ustabil.

– Vedkommande får behandling ved intensivavdelinga, opplyser pressevakta.

Politiet fekk melding om ulykka klokken 15.15 laurdag. Bilen var på veg austover frå Måløy i retning Eid då det gjekk veldig gale.

- Ulykkeskommisjonen er kopla inn i saka, slik dei blir ved alle større ulykker. Dei vil delta under heile åstadsgranskinga, seier operasjonsleiaren.

Krisehjelp

Alle dei fire gutane er heimehøyrande i Vanylven kommune på Sunnmøre, omlag tre kvarters køyretur frå ulykkesstaden i Nordfjord. Det bur kring 3.500 innbyggjarar i Vanylven.

Fleire kriseteam jobbar med å ta seg av dei pårørande. Det er oppretta kriseteam ved Nordfjord sjukehus på Eid, og på Åheim i Vanylven.

(NTB / NRK Sogn og Fjordane)

Trafikkulykke i Nordfjord

TILDEKKA: Ulykkesbilen vart dekka til i påvente av at Statens vegesen sin ulykkeskommisjon skulle komme til staden.

Foto: Øystein Torheim