Hopp til innhold

Pårørande hardt ut mot lege

Familiane til ungdomane som var med i dødsulukka på Haus i fjor, føler seg trakka på av Helse Førde lege Rune Larsen.

Kent Jørgen Storeide

MISTA VENER: Kent Jørgen Storeide låg i koma i ei veke etter ulukka. Då han vakna fekk han vite at to av venene hans ikkje hadde klart seg i ulukka.

Foto: Bård Siem / NRK

Bakgrunnen for at dei går ut mot lege Rune Larsen er at Larsen på ei nettside kom ned skarp kritikk av legane ved Nordfjord Sjukehus, for ikkje å ha rykt ut til ulukkestaden dagen då ulukka skjedde.

Trafikkulykke på rv. 15

TRAGEDIE: Ulykka skjedde rett etter ein sving på riksveg 15 mellom Kjølsdalen og Bryggja.

Foto: Øystein Torheim

Vil ha offisiell orsaking

- I det minste bør ein kome med ei offisiell orsaking i sin heilheit for det han uttalte. Det var eit overtramp i forhold til dei pårørande, og han brukte det for å sverte Nordfjord sjukehus, seier Peder Johan Storeide, far til ein av dei som vart hardt skadd i ulukka.

NRK møter han og sonen, Kent Jørgen, heime i bustadhuset like utanfor bygda Fiskå på Sunnmøre.

Vet set oss ned i den brune sofaen. På veggane heng bilder av dei fire borna. Stemninga er dyster og tung, for vi skal snakke om den tragiske ulukka i april i år.

Klarar ikkje arbeide

Trafikkulykke på Rv. 15

REAGERER: Dei pårørande etter ulukka reagerer på at lege Rune Larsen deltek i nettdebatt om ulukka.

Foto: Øystein Torheim

19 år gamle Kent Jørgen var saman med tre kameratar på veg mot Nordfjordeid, då det fatale skjedde.

Føraren mista kontrollen og bilen brasa i fjellveggen. To av kameratane omkom, medan Kent Jørgen sjølv vart frakta til Nordfjord sjukehus og seinare Haukeland med alvorlege skader.

- Eg har ikkje vore i arbeid etter det. Eg har vore sjukemeldt, seier Storeide.

Kent Jørgen vart liggande på Haukeland i ei veke i koma. Han hugsar ikkje noko frå ulukka.

I koma

Kent Jørgen Storeide

TØFT: Kent Jørgen Storeide måtte til eit rehabiliteringssenter etter ulukka for å bli betre.

Foto: Bård Siem / NRK

- Då vi kom til Bryggja er det svart for meg. Då hugsar eg ikkje meir. Det neste eg hugsar er at eg vaknar på sjukehuset og at mamma, pappa, tante og brørne mine er der. Eg hadde visst vore i koma i ei veke, fortel han.

Etter ei veke til på sjukehuset vart han flytta til eit rehabiliteringssenter.

- Legen der sa det var to som omkom i ulukka, seier Kent Jørgen.

Han var ikkje blitt fortalt at to av kameratane hans omkom.

Venene omkom
Hans Johan Breidablikk

AVVENTAR: Leiar i pasientskadeutvalet, Hans Johan Breidablik, vil ikkje konkludere i saka før utvalet har gjort jobben sin.

Foto: Helse Førde

- Eg tenkte meg godt om, og faen, Ruben og Adrian var også med. Så spurte eg pappa. Det kan ikkje vere sant. Men jo, det var det, fortel han.

Resten av dagen vart han liggande i senga si.

- Det var utruleg tøft.

Nettdebatt
Rune Larsen

FÅR KRITIKK: Lege Rune Larsen får kritkk av dei pårørande etter ulukka. Han vil ikkje kommentere saka så fordi den er til fagleg vurdering.

Foto: NRK

Det er var samband med ei sak på NRK si nettside for om lag ein månad sidan, der det vart fokusert på kampen for lokalsjukehusa si framtid, at lege Rune Larsen, som også er styremedlem i Helse Førde, kasta seg inn i nettdebatten.

Då den tragiske bilulukka blir omtalt, nytta Larsen høvet til å kritisere Nordfjord-legane, mellom anna for ikkje å ha rykka ut til ulukkesstaden.

Larsen viser til at ein anestesilege burde vore på plass, sidan det var tale om alvorlege hovudskader.

  • LES OGSÅ:

- Gjer vondt verre
Trafikkulykke i Nordfjord

MISTA LIVET: To mista livet i den tragiske ulukka ved Haus.

Foto: Øystein Torheim

Kent Jørgen synest det er tungt at Larsen går ut på denne måten. To av kameratane er døde, og Larsen sine spekulasjonar gjer berre vondt verre, meiner han.

- Eg synest det er feil. Ein lege skal ha teieplikt for sånt, seier Kent Jørgen.

Rune Larsen vil bli klaga inn til Legeforeininga sitt etiske råd for blogginga si og fylkeslegen ser på saka.

Det same gjer pasientskadeutvalet i Helse Førde.

Pårørande fekk brev
Trafikkulykke i Nordfjord

FRÅ MØRE: Dei fire som var i ulukkesbilen var alle tenåringar heimehøyrande i Vanylven på Sunnmøre.

Foto: Øystein Torheim

Leiar i pasientskadeutvalet, Hans Johan Breidablik, har send brev til dei pårørande, der han beklagar at det har vorte ein diskusjon om handteringa av ulukka i media.

Men Breidablik vil så langt ikkje gå ut med direkte kritikk av Larsen for det han har gjort.

- Det som vi gjer i pasientskadeutvalet er å prøve å finne ut kva som har skjedd i denne saka, og dei tinga som er med med tanke på å seie at vi kanskje skal gjere det på ein annan måte ein annan gong, seier Breidablikk.

Utvalet er enno ikkje ferdige med si saksutgreiing.

- Tåpeleg

- Var det greit det Rune Larsen gjorde?

- Det vil bli feil av meg å svare på her som enkeltperson, fordi det er noko utvalet må ta ei form for stilling til, svarar han.

Heime i stova på Sunnmøre sit Storeide med brevet frå Breidablikk i hendene. Han har ikkje mykje til overs for det.

- Eg synest det virka delvis tåpeleg der han beklagar at det kjem i media, det med uttalelsane til legen. Det er det same som om at dei prøver å skjule det då.

Rune Larsen beklager

I ein epost til NRK skriv Rune Larsen følgjande:

«Jeg beklager at min deltagelse i en nettdebatt på Nrk/SFJ har medført økt belastning på de pårørende og andre involverte. Selv om saken hadde vært mye fremme i media, ser jeg klart at jeg som fagperson ikke burde kommentert den. Når dimensjonene i media ble slik de ble ( noe jeg burde forutsett) har jeg valgt å ikke komme med noen ytterligere kommentar for å unngå å gjøre skaden enda større. Eventuelle tanker som jeg hadde om ting som kunne vært gjort anderledes burde jeg tatt opp i de kanalene som vi har til slikt. Siden fylkeslegen ser på saken og i disse dager mottar en faglig vurdering fra Helse Førde finner jeg det ikke rett å kommentere de faglige forholdene. Dersom min handlemåte skulle gi grunnlag for noen formelle reaksjoner må jeg bare forholde meg til det.»