Hopp til innhold

Får ikkje storkommune-utsetjing

Sunnfjord-kommunane får ikkje utsetje fristen for å jobbe med kommunesamanslåing. Det slår kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fast.

Olve Grotle

FEKK NEI: Førde-ordførar Olve Grotle og nabo-ordførarane bad regjeringa om å forlenga frist for kommunesamanslåing.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Førde, Naustdal, Gaular og Jølster jobbar mot å bli ein kommune, men hadde søkt om å få bryte fristen om å bli ferdig til sommaren. Årsaka er at dei ville sjå effektane av det varsla inntektssystemet for kommunane først.

Men kommunalminister Jan Tore Sanner for Høgre har no avvist dette.

– Fristen må vere lik for alle kommunane i heile landet, seier Sanner sin statssekretær, Grete Ellingsen (H) til NRK.

Tok høgde for nei

I Førde er ordførar Olve Grotle (H), som har vore primus motor for ein storkommune i Sunnfjord, ikkje overraska.

– Vi har jobba som om avslaget blei gitt. Dette var også ein ting vi fastsette når vi bestemte oss for å søkje utsetjing. Vi skulle arbeide som før. Det har og samanheng med at vi visste at sjansane for å få utsetjing var små, seier Førde-ordføraren til NRK.

Storkommune i Indre Sunnfjord

STORKOMMUNE: Innbyggjarane i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster sa nei til storkommune i 2003. Innan 1. juli må kommunane på ny ha tatt stilling til om dei skal inngå ekteskap.

Foto: NRK

Meiner inntekts-uvisse ikkje er god nok grunn

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner det faktum at inntektssystemet, som fastset kommunane sine inntekter, kom seint, ikkje er god nok grunn til å få utsetjing frå reforma som er den største omveltinga i kommune-Norge sidan samanslåingsbølga på 1960-talet.

– Inntektssystemet er ute på høyring. Det er vanleg at dette systemet blir vurdert i kvart einaste budsjett. Det er viktig for oss at vi behandlar alle kommunar likt, og at vi legg opp til å følgje det reformløpet som er vedtatt. Då må alle kommunar i landet ta omsyn til dette når dei skal ta avgjerda innan 1. juli, utdjupar Ellingsen.

– Men når inntektssystemet har så mykje å seie for kor vidt det er lønsamt eller ikkje å slå seg saman, bør ein ikkje få utsetjing til etter at dette systemet er på plass?

Ellingsen

ALLE FOR EIN: Statssekretær Grete Ellingsen (H) er klar på at alle må halde seg til regjeringa sine fastsette tidsfristar

Foto: Øystein Nygård / NRK

– Nei, det er grunnar som talar for å ikkje gjere det. Dette er ting som kan endrast kvart einaste år. Sjølv om det ligg i vurderinga som eit kommunestyre skal gjere, så er det også veldig mange andre viktige vurderingar kommunestyra skal gjere no i høve til om dei skal stå åleine eller gå saman med andre kommunar. Desse vurderingane skal dei no ha skaffa seg grunnlag for, svarar statssekretæren.

Ting skjer fort

I Sunnfjord bur Olve Grotle seg på å halde regjeringa sine tidsfristar, saman med nabokommunane. Det betyr at innbyggjarane i nokre av kommunane kan bu seg på å gå til valurnene i eigne folkeavrøystingar, mens ein til dømes i Førde vil gjennomføre ei omfattande meiningsmåling i staden.

– Prosessen går som før. Det vil i praksis seie at vi siktar oss inn på å ha folkeavrøysting, meiningsmålingar 4. april, opplyser Grotle.