Hopp til innhold

Har møtt opp for å gjere avhøyr tre gongar - kvar gong har den trippeldrapssikta nekta

Politiet har dei siste dagane gjort fleire forsøk på å få avhøyrt den sikta etter trippeldrapa i Årdal. Alle gongane har han nekta å uttale seg.

Løseth og åstaden

MØTER MOTSTAND: Lensmann Åge Løseth og politiet i Sogn har tre gongar denne veka prøvd å få gjort avhøyr med den trippeldrapssikta – utan å lukkast.

Foto: Øyvind Bye Skille/Alf Vidar Snæland / NRK

– Det vart gjort to forsøk på måndag, og eitt forsøk på føremiddagen tysdag. Men han er ikkje mogleg å få i tale, så avhøyr er ikkje gjort, seier regionlensmann Åge Løseth til NRK.no.

– Kva skjer når han nektar å la seg avhøyre?

– Det vil eg ikkje kommentere. Vi berre konstaterer at vi ikkje heilt veit grunnen til det som no skjer. Men vi vil gjere vårt yttarste i dei kommande dagane for å prøve å få eit avhøyr, seier Løseth.

– Har de fått ei forklaring på kvifor han ikkje vil la seg avhøyre?

– Det vil eg ikkje kommentere.

– Det har ikkje vore mogleg

Forsvarar for den drapssikta, advokat Fredrik Verling, bekreftar at det er gjort forsøk på å avhøyra mannen.

– Men det har ikkje vore mogleg, slik situasjonen har vore. Det er det enkle svaret, eg kan ikkje seie noko meir om det enn det.

Han vil ikkje seie noko om kvifor det ikkje har vore mogleg med avhøyr, men legg til at den sikta har sagt at han ønskjer samtale med politiet.

– Det er også det som ligg til grunn for avtalen om å gjera avhøyr denne veka, men det har altså ikkje latt seg gjennomføra.

Fekk forlenga varetektsfengsling

Måndag 4. november knivdrap ein 30 år gammal asylsøkjar tre personar på Valdresekspressen, som var på veg frå Årdal til Oslo.

Den drapssikta mannen vart 7. november først varetektsfengsla i fire veker. Han var då på Sandviken sykehus i Bergen, grunna redusert allmenntilstand. Fire veker seinare vart varetektsfengslinga utvida med nye fire veker.

Dei to første vekene er i fullstendig isolasjon. Heile perioden er med brev- og besøksforbod.

– Vi kjem til å gjere nye forsøk for å få gjort avhøyr denne veka, seier Løseth til NRK.no.

Held fram etterforskinga som planlagt

Lensmannen stadfestar at ein ventar seg nye opplysningar i saka, dersom ein får gjort det etterlengta avhøyret med mannen. Han vedgår at det er uheldig at dette let vente på seg.

– Vi burde ha fått det avhøyret. Men vi kan ikkje gjere anna enn å konstatere at det så langt ikkje har vore mogleg å få til, seier Løseth.

– Kjenner du det frustrerande?

– Eg vil ikkje bruke slike uttrykk. Ein sikta har rett til ikkje å forklare seg, og det må vi berre forholde oss til.

– Kva gjer de vidare i etterforskinga no?

– Heilt frå starten har vi lagt opp eit grundig etterforskingsløp – uavhengig av om han forklarer seg eller ikkje. Og det løpet skal vi halde fram, seier Løseth.