Hopp til innhold

Bussar kring i heile landet stod stille

Arve Kvernhaug (55) blei bisett i dag. Samstundes stoppa bussar over i heile landet i eit stille minutt.

Created by InfoDispatcher

Stod i ro til minne om kollega

På Fjordekspressen, som reiste frå Førde kl. 11.45, var det stille på veg mot Bergen. Rett før 12.00 varsla stemma til sjåfør Helge Førde over høgtalarane at bussen ville komme til å stoppe i eit minutt.

– Me skal minnast ein kjær kollega som omkom på Valdresekspressen. Fyrst og fremst vil me tenkje på familien hans, og syne at me bryr oss alle om det som har skjedd, seier Førde.

Han jobbar i Firda billag sjølv, men tykkjer det er tungt å ha mista ein yrkeskollega. NHO transport og fagforeningar oppmoda alle bussbedrifter over heile landet til å i dag heidre drapsoffera etter tragedia på Valdresekspressen for snart tre veker sidan.

I dag blei Arve Kvernhaug (55) bisett i Frogner kyrkje i Lier. Samstundes stoppa bussar kring i heile landet for å minnast yrkeskollegaen deira, og dei andre offera etter trippeldrapet.

Helge Førde

STILLE I EIT MINUTT: Sjåfør Helge Førde stoppa Fjordekspressen på veg til Bergen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Kvernhaug køyrde for busselskapet JVB og var sjåfør på Valdresekspressen. Han blei drepen då bussen han køyrde blei kapra måndag 4. november. Dei to andre drepne er Margaret Molland Sanden (19) frå Årdal, og Brahim Khouya (53) frå Sverige.

Arve Kvernhaug

BLEI BISETT I DAG: Arve Kvernhaug blei drepen på Valdresekspressen 4. november.

Foto: Privat

LES OGSÅ: "Familien har det vanskeleg, og dette er ein frykteleg tung dag"

– Uverkeleg

For bussjåførar over heile landet har det vore vanskeleg etter drapa på Valdresekspressen.

– Det er vanskeleg å setje ord på korleis det har vore. Det er heilt tragisk, rett og slett. Det er vanskeleg.

Helge Førde i Firda billag håpar markeringa i dag kan syne familien til Kvernhaug at dei bryr seg og tenkjer på dei.

– Eg håpar alle i familien hans og kollegaene hans set pris på det. Alle tenker på han i dag.

Korleis er det å køyre buss etter det som har skjedd?

– Ein er berre nøydd til å gjere jobben sin, men ein har det i tankane det som har skjedd. Litt ubehageleg er det viss ein tenkjer for mykje på det. Men det går jo ikkje. Ein må berre prøve å gjere jobben.

Etter eit minutt køyrde Fjordekspressen vidare mot Bergen.

– Det er fint å kunne minnast ein sjåførkollega slik. Det er veldig fint, seier Helge Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde busstasjon

FLAGG PÅ HALV STONG: Firda Billag minnast i dag den drepne sjåføren på Valdresekspressen

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

LES OGSÅ: Andre kapring på ti år på Valdresekspressen - to bussjåførar har mista livet

Ein 30-år gammal asylsøkar frå Sør-Sudan er arrestert og sikta for drapa. Han er innlagt på psykiatrisk sjukehus, og over to veker etter drapa er han framleis ikkje avhøyrt.

Den sikta har forklart for advokaten sin at han ikkje har nokon minne av å ha utført drapa på bussen og har difor nekta straffskuld.