Politiet skjerpar våpenrutinane

Etter trippeldrapet i Årdal skjerpar politiet no sine våpenrutinar. Den første patruljen som rykte ut til bussen på Holsbru hadde ikkje med seg våpen.

Politi med våpen

SKJERPAR RUTINENE: Politidirektoratet sender i dag ut melding til alle politidistrikta, der dei presiserer regelverket om væpning.

Foto: Adnan Naeem / NRK

I dag sender Politidirektoratet ut melding til alle politidistrikta der dei presiserer regelverket om væpning, det skriv Bergens Tidende.

Den eine patruljen som rykte ut til bussdrapa i Årdal for to veker sidan hadde ikkje med seg våpen. Lærdalspatruljen var dei første som rykte ut, men fordi den eine av dei to politifolka ikkje var godkjent for å bere våpen, tok ingen av dei våpen med seg.

Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane har sagt at politimennene handla etter instruksen dei hadde fått frå politidistriktet. Politimeister Ronny Iden svara då at dei måtte sjå på korleis regelverket vart oppfatta.

Går ut med ei presisering

Meldinga som i dag går ut til alle politidistrikta seier at alle patruljer skal ha med seg våpen, sjølv om ikkje alle tenestemennene er godkjente for å bruke dei, skriv avisa.

– Vi ønskjer å presisere regelverket, og pålegg væpning også av køyretøy der berre éin har våpengodkjenning, seier Kaare Songstad, avdelingsdirektør for beredskap og krisehandtering i Politidirektoratet til Bergens Tidende.

Tre personar vart drepne på Valdresekspressen på veg frå Årdal til Oslo. Ein 30 år gamal mann frå Sør-Sudan er sikta for trippeldrapet, og dei første som kom til åstaden oppfatta han som trugande.

Det var til slutt brannvesen og ambulansepersonell som fekk overmanna den no drapssikta mannen. Like etter kom ein politipatrulje frå Årdal til staden og tok hand om mannen, denne patruljen hadde våpen med seg.

Ei tid etter kom også patruljen frå Lærdal til staden.

Tillitsvalgte reagerer på manglende retningslinjer for om politibetjentene som rykket ut til trippeldrapet skulle bevæpne seg.