Hopp til innhold

Får ikkje bygge turisthytte i nasjonalpark

Først fekk DNT Oslo og omegn lov til å bygge ei sjølvbetent hytte på Sunndalssetra i Jostedalsbreen nasjonalpark. Etter at fleire aktørar i Sogn og Fjordane klaga, gjekk Miljødirektoratet tilbake på vedtaket.

Sunndalssetra

HYTTE: Det er her ved Sunndalssetra i Stryn kommune at DNT Oslo og omegn ville setje opp ei turisthytte.

Foto: Maria Collett Knagenhjelm

Marit Vøien Nes

GLAD FOR AVGJERSLA: – Vi må bli flinkare å verne om naturen. Folk er ikkje nøydde til å overnatte alle plassar, seier Marit Vøien Nes, leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Naturvernforbundet

Naturvenforbundet i Sogn og Fjordane var ein av aktørane som reagerte sterkt på at hytta skulle byggast.

– Det var gledeleg å få høyre at hytta ikkje skal byggast. Det var ufatteleg at ein kunne gå inn for at ei turistforeining skulle få setje opp hytte i eit verna område, seier leiaren Marit Vøien Nes.

– Det handlar om at stadig meir natur vert rasert og øydelagt. Veldig lite av dette kan bringast tilbake. Dessutan er det også villrein i området, seier Vøien Nes.

Fekk avslag

Det er DNT Oslo og omegn som ønska å bygge ei sjølvbetjeningshytte for 12 personar på Sunndalssetra i Jostedalsbreen nasjonalpark. Setra ligg i Stryn kommune.

Henning Hoff Wikborg

FÅR IKKJE BYGGE HYTTE: – Vi lyttar til innspel og respekterer avgjersla, seier Henning Hoff Wikborg, leiar i DNT Oslo og omegn.

Foto: Eivind Haugstad Kleiven

– Det er leit, men vi respekterer miljødirektoratet si grunngjeving, seier Henning Hoff Wikborg.

Han er leiar for DNT Oslo og omegn, og synast avgjersla er litt pussig ettersom dei har fått oppretta ei ny vandrerute i området.

– Vårt mål har vore å legge til rette for naturopplevingar i eit område vi meiner har opna for litt trafikk. Riksantikvariaten og DNT fekk tilrettelagt ei ny historisk vandrerute frå Sunndalssætra og vidare innover.

Sunndalssetra

TOMTA: Her skulle hytta byggast. Den skulle vere på 93 kvadratmeter og ha 12 sengeplassar. Eit uthus på 15 kvadratmeter var også planlagt.

Foto: Maria Collett Knagenhjelm

Villrein i området

– Eg kan til ei viss grad skjøne kvifor DNT vil ha ei hytte dette området, men vi må tenke på naturen. Ikkje minst på villreinen som kunne ha blitt uroa. Den kunne ha trekt andre stadar og er viktig å bevare, seier Marit Vøien Nes.

Villrein på Strynefjellet.

VILLREIN: – Reinen kunne ha vorte uroa under kalving eller ha flytta seg til eit anna området, seier Marit Vøien Nes.

Foto: NRK

Ho synast det er bra at støyande folk vert haldne vekke frå området til villreinen.

– Det var ein god dag for oss i Naturvernforbundet då Miljødirektoratet gjekk tilbake på vedtaket.

Respekterer andre meiningar

– Vi lev i ei verd der vi må respektere kvarandre og at vi har ulike roller. DNT er tilretteleggar, men vi skal også ta vare på natur. I denne saka har vi ikkje vore heilt einige, seier Henning Hoff Wikborg.

Han høyrer på det Naturvernforbundet seier, men meiner DNT har teke naturen rundt i betraktning.

– Hytta har berre 12 senger og vi har teke omsyn til at ikkje mange menneske skal inn i dette fjellområdet. Vårt mål var å legge til rette for at nokre skulle få oppleve dette kvar sommar. Eg trur ikkje dette er til hinder for villreinen, seier Hoff Wikborg.