Hopp til innhold

Færre brukar bilen etter bomring

FØRDE (NRK): Lokaltrafikken i Førde har gått ned sidan bomringen opna i byrjinga av oktober.

Bomstasjonen i Angedalsvegen i Førde

TRAFIKKNEDGANG: Etter tre veker med bompengering i Førde har det fått følger for lokaltrafikken. Størst er nedgangen i Angedalsvegen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

June Eikevik som er dagleg leiar ved Junes salong i Førde, ser rett ut på trafikken i Angedalsvegen frå vindauget i frisørsalongen. Denne veka er det litt færre bilar utanfor enn for tre veker sidan. Då kom nemleg fem bompengeringar opp i Førde, den eine like ved frisørsalongen.

Det har ført til mindre trafikk utanfor salongen.

– Det er klart det er godt at det ikkje er like mange bilar, men eg har ikkje merka stor skilnad.

Sidan bompengeringen blei innført i byrjinga av oktober, har totaltrafikken gjennom dei fem bomringane gått ned med 8,4 prosent frå veka før bompengeringen blei innført, til den første veka med bomring.

Som forventa

Arve Seger som er prosjektleiar i Førdepakken, er ikkje overraska over nedgangen.

– Nedgang i trafikken var venta. Det har vi sett i tilsvarande prosjekt andre stader.

Arve Seger

SOM FORVENTA: Arve Seger er prosjektleiar i Førdepakken er ikkje overraska over trafikknedgangen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Trafikken har gått mest ned i Angedalsvegen og på Kronborg nord, like ved sentralsjukehuset. Det vil seie der det er mest lokaltrafikk.

Ifølgje Seger er det for tidleg å seie om folk har endra køyremønster som følgje av bomringen, men bilistane sjølve seier bompengeringen har ført til at dei styrer unna Førde sentrum om det let seg gjere.

Køyrer som vanleg

Men ikkje alle har endra køyremønster. Solveig Bringeland kjem over maksgrensa berre med køyring til og frå jobb.

– Så eg berre køyrer, sidan eg veit eg uansett må betale full pris, seier Bringeland.

– Kva tykkjer du om det?

– Det er litt surt, men slik er det og då er det berre å akseptere det, seier Bringeland.

For andre som Morten Skudalsnes har bompengeringen før til endringar i køyremønsteret

– Eg tar færre turar til sentrum, og handlar kanskje meir butikkar utanfor bomringen, seier Skudalsnes.