– Boka skulle handle om Jølster, gamle segn og forskjellig anna. Alt vart rikt illustrert og skrive av Nikolai Astrup sjølv. Men etter at han døydde vart alt borte, fortel barnebarnet Nikolai Astrup Geelmuyden (83) frå rullestolen.
Stova på Nordstrand i Oslo er pryda med fleire ekte Astrup-verk. I to skinnmapper på eit rom ved sida av ligg nærare 70 ekte Astrup-teikningar og trykk. Astrup Geelmuyden og kona Inger Geelmuyden bryr seg lite om at kunstverka deira har stor økonomisk verdi. For dei er det bileta og kunsten som tel.
– Eg har ein del teikningar som skulle vore i boka, men som Nikolai Astrup sjølv refuserte fordi han meinte dei ikkje passa inn, fortel barnebarnet.
(Artikkelen held fram under videoen)
Fekk informasjon frå mor si
Dersom det stemmer at den kjende Jølster-kunstnaren hadde manuskript og mange teikningar klar til ei bok, kan ein til no ukjend kunstskatt vere å finne ein eller annan stad. Astrup Geelmuyden fortel at mor hans fortalde om boka. Nikolai Astrup skal også sjølv ha omtalt bok-utkastet i eit brev, fortel Astrup Geelmuyden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Nikolai Astrup skal ha sendt frå seg materialet til ein forlagsredaktør, og ifølgje Astrup Geelmuyden skal dette ha ligge hos forlagsredaktøren då Astrup uventa døydde i 1928. Sidan skal ingen ha greidd å finne igjen Jølster-kunstnaren sitt illustrerte bokmanuskript. Astrup Geelmuyden fortel at mor hans hadde ein sterk mistanke om kven som sat på materialet.
– Eg er temmeleg sikker på kven som sit på bok-utkastet, men dei nektar å gje det ut, seier han.
Omtalt av Astrup-ekspertar
Astrup-kjennarane Tove Kårstad Haugsbø og Øystein Loge omtalar begge den ukjende Astrup-boka i artiklar. Det blir vist til at bok-materialet skal ha forsvunne, slik Astrup Geelmuyden hevdar.
Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, seier det ville vore supert om bokmanuskriptet vart funne igjen.
– Dette er truleg ei bok som er skriven om Jølster og jølstringar av Nikolai Astrup sjølv. Det ville vore utruleg spanande å få tak i utkastet til denne boka, seier Klakegg.
Han oppmodar den eller dei som sit på opplysningar om boka om å ta kontakt.