Erna Solberg lovar pengar til flaumråka kommunar raskt

Dei flaumråka kommunane på Vestlandet skal få pengar raskt til oppattbygging etter skadane i slutten av oktober. Det lova statsminister Erna Solberg då ordførarane i dei aktuelle kommunane var i Oslo saman med fylkesmennene for å legge fram si sak.

Flåmselvi sine herjingar

FÅR STATLEGE KRONER: Statsminister Erna Solberg lovar at dei flaumråka vestlandskommunane skal få pengar, og det raskt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ordførar Noralv Distad i Aurland seier at dei fekk lovnad om at dei alt før jul skal få skjønsmidlar dersom dei sender inn søknad raskt. Så kjem det endå meir pengar over nyttår.

– Vi har fått heilt klare signal om god statleg medverknad, og det er i tråd med den praksisen som har vore i andre flaumråka område. I tillegg vart det sagt at NVE skal få gode rammer til sitt flaumsikringsarbeid. Vi er veldig sårbare slik det er no.

Statsminister Erna Solberg (H)

LOVA PENGAR RASKT: Statsminister Erna Solberg.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Veldig positivt møte

Distad la fram reknestykke som syner at det er gjort skade for 130 milionar kroner på den kommunale infrastrukturen som t.d. bruer og vegar. Og han var nøgd med responsen frå statsministeren.

– Eg synest det var eit veldig positvit møte, og det gjeld også dei andre ordførarane. No skal vi gjere vår jobb med å dokumentere, og så vil Staten fylgje opp, det er ikkje grunn til å tru noko anna.

– Men med i delegasjonen var også ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal, og han har erfaring med at dei så langt ikkje har fått så mykje som det vart lova etter brannen i januar. Er du redd for at det same skal skje her?

– Det er to ulike saker, så eg vil ikkje gå inn på det. Det eg legg til grunn er at vårt behov blir teke på alvor, og eg trur at vi får god utteljing.

Noralv Distad

- POSITIVT MØTE: Noralv Distad var nøgd med møtet med statsministeren.

Foto: NRK

Trur på regulering av Flåmselvi

På møtet tok Noralv Distad også opp med olje- og energiminister Tord Lien ynskjet om å gå regulert Flåmselvi.

– Eg har tolka statsråden slik at den saka kan takast oppatt. Det er i så fall Stortinget som må endre det vedtaket som er gjort tidlegare. Vi meiner denne katastrofen hadde så enorme skadeverknader at sjansane skulle vere dei aller beste.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.