Hopp til innhold

Aurland kommune får kjemperekning etter flaumen

Berre ein brøkdel av kostnadane etter flaumen er klare. Likevel er det klart at Aurland kommune åleine må ta reparasjonar for 130 millionar kroner.

Flåmselvi sine herjingar

ENORME SKADAR: Vegar er vekke, bruer er øydelagde, og summen berre for kommunen er ut til å bli 130 millionar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har fått ei oversikt over kor mykje det kostar å bygge opp og reparere skadane på kommunal infrastruktur. Det er berekna til 130 millionar kroner, ein veldig høg sum, seier ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad (H).

Flaumen førre veke førte til at 160 menneske måtte evakuere heimane sine. Bruer, vegar, jernbaneliner, kraftverk, privathus og landbruksareal fekk store skadar.

Eksterne rådgjevarar har hjelpt Aurland kommune til å gjere eit første estimat på kor dyre gjenreisinga etter flaumen vert. Men det er berre for kommunen.

Då er ikkje Lærdal kommune sine kostnadar tatt med, og heller ikkje Odda og Voss som var dei kommunane som vart hardast råka av flaumen.

Langt høgare totalsum

Totalkostnadane etter flaumen blir langt høgare enn dei 130 millionane.

– Det som ikkje er med er kostnadane til NVE, Jernbaneverket, Aurland energiverk, og private eigedomar med hus, vegar og landbruksareal. I tillegg kjem skadar på fylkesvegar både i Flåm og Undredal, seier Distad.

13 bustadhus er totalskadde, Flåmsbana har fått store skader, og Statens vegvesen har berekna at det vil koste 5–10 millionar berre å reparere vegen til Undredal.

– Totalt er det ein katastrofal flaum, og tala understrekar kor alvorleg dette er. Det er enorme summar, seier ordføraren.

– 130 millionar berre på kommunal grunn, ante du at tala kom til å bli så høge?

– Når du ser at fleire hundre meter med vegar forsvinne, når du ser at bruer forsvinn og infrastruktur er vekke, så veit du at det kostar mykje pengar. Men når summen kjem på bordet, ser du at det er eit veldig høgt tal for ein liten kommune.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåmselvi sine herjingar

STORE SUMMAR: For kommunen kjem rekninga truleg på rundt 130 millionar. I tillegg kjem all skade på fylkesvegar, jernbaneliner og private eigedomar. 13 hus er totalskadde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Heilt avhengige av statleg hjelp

Rapporten om kostnadane skal danne grunnlaget for vidare planlegging, prioritering og gjennomføring av tiltak. For at dei naudsynte tiltaka i det heile teke skal vere moglege, må stor statleg hjelp til, seier Distad.

– Det er heilt naudsynt med omfattande og rask statleg hjelp, slik som regjeringa har lovt, seier ordføraren, som fortel at det er umogleg for kommunen å klare det åleine.

– No har me fått eit grundig kostnadsoverslag. Me har fått melding om at me blir invitert til regjeringa for å presentere skadane og utfordringane som ventar. Eg legg til grunn at me skal få både rask og omfattande medverking frå staten.

– Omfattande seier du: kor mykje treng de?

– Eg vil ikkje byrje med tal. Det viktigaste for oss er å legge fram på ein nøktern måte kva dette dreiar seg om, og så får me gå inn i drøftingar med staten på det grunnlaget, seier Distad.