Hopp til innhold

Vil ta fram flaumsikringsplanane att - fire år etter Stortinget sa nei

Aurlandsordførar Noralv Distad vil at planane om å flaumsikre Flåmselva bli tatt fram på nytt.

Tre hus er tekne av flaumen i Flåm.
Foto: Heidi Lise Bakke

– Det var eit enormt skadeomfang no, og det kan dessverre skje på nytt, seier han.

For fire år sidan sa stortinget nei til å gjennomføre ei stor kraftutbygging i Stampa-området og Vindedalselva, som kunne ha redusert flaumfaren i Flåmselva. Førre veke tok elva med seg 13 hus.

Kunne truleg hindra storflaum

Distad meiner Flåmselvi, som førre veke raserte delar av Flåm, bør sikrast for alltid. I 2009 var det nettopp dette kommunen bad om, men Stortingsfleirtalet og den raudgrøne regjeringa sa nei.

Som ein del av ei storstila kraftutbygging skulle vatn i fjellet Stampa drenerast vekk. I tillegg skulle vatn frå Vindedalselva gå over til kraftproduksjon, og ikkje renne uhindra i Flåmselvi.

I fylgje Bergens Tidende kunne ei slik vassregulering ha stoppa 65 kubikkmeter vatn i sekundet, truleg nok til å hindre storflaum.

Men samfunnsnytten vart vurdert til å vere for låg. Førre veke kom flaumen lokalsamfunnet frykta.

– Aurland kommune beklaga den gongen at vi ikkje fekk gjennomslag for det. Dersom vi får ein flaum, visste vi at den ville gjere stor skade på hus og bygningar, seier ordføraren.

Villege til å sjå på det på nytt

Han vil ta fram igjen planane.

– No må me tenke framover. Då er det naturleg at me tek utgangspunkt i dei planane som vart lagde den gongen, seier Distad.

Olje- og energiminister Tord Lien var i går ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Det var E-Co energi som i si tid skulle gjere utbygginga. Informasjonssjef Per Storm Mathisen seier dei er opne for å sjå på planane på nytt.

– Dersom kommunen eller andre ber oss om å sjå på det på nytt, er villige til å gjere det, seier Storm Mathiesen.

Men ting har også endra seg. Prosjektet var marginalt den gongen. No vil utbygginga koste endå meir, samstundes er kraftprisane svært låge.

– Økonomien i prosjektet har ikkje vorte betre. Men vi har ikkje rekna på det i den noverande situasjonen, seier Storm Mathiesen.