NRK Meny
Normal

Sogndal nær ved å signera svensk midtstoppar

FOSSHAUGANE (NRK): Walid Atta (30) fekk omvising på Fosshaugen Campus av sportssjef Håvard Flo tysdag formiddag. Han vert mest sannsynleg Sogndal-spelar innan kort tid.

Walid Atta

STOPPAR: Håvard Flo (t.v.) og Walid Atta snakka samen medan dei såg på Sogndal-trening fredag. No håpar Sogndal å hente midtstopparen på lån fram til sommaren.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi er ikkje i mål enno, men vi håpar å få det i hamn i løpet av dagen eller morgondagen. Han har snakka med andre nordmenn som har spelt i Sverige for å lære seg om Sogndal, og det likar vi, seier Håvard Flo til NRK.

30-åringen er svensk og har tidlegare spelt i Allsvenskan i Sverige, for klubbar som AIK, Helsingborg og Hacken. Han har spelt kvalifisering til Meisterligaen og i Europa League. I tillegg har han erfaring frå Dinamo Zagreb i Kroatia og Gençlerbirliği S.K. i Tyrkia.

Den siste tida har han spelt for Najran SC i Saudi-Arabia.

Han har dobbelt pass og etter å ha spelt tre kampar for Sverige sitt U21-landslag har han fått fire kampar for A-landslaget til Etiopia.

– Vi håpar å hente han på lån til sommaren, men det er ein internasjonal overgang og då må alt vere klart, før det er klart, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal.

På jakt

Sogndal har jakta etter forsterkning på midtstopparplass i heile år, sidan dei berre har tre alternativ i den posisjonen. Bjørn Inge Utvik og Christophe Psyché er førsteval per no, men kampen mot Brann i helga er den einaste dei har spelt saman denne sesongen. Begge har vore skadeplaga i oppkøyringa. I tillegg har dei unge Per-Magnus Steiring i bakhand.

– Vi har jobba med dette ei stund no og har leita etter midtstoppar i lengre tid. Han er spennande og han har vist interesse for å komme her. Han er topp motivert og vi trur han vil passe godt inn, seier Flo.

Sogndal har fram til fredag med å signera seg ein midtstoppar. Då stenger overgangsvindauget, og klubben jaktar ikkje spelarar i andre posisjonar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.