Hopp til innhold

Endeleg skåra Taijo – då det gjaldt som mest

Taijo Teniste venta i over seks år før han skåra sitt fyrste mål for Sogndal. Det var med på å avgjera nedrykksthrilleren.

Taijo Teniste

DEN VESLE, STORE SUKSESSEN: Taijo Teniste, som har vore ein berebjelke for Sogndal sidan han kom i 2011, skåra sitt fyrste mål då Sogndal berga kvalikplassen søndag kveld.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det er ei fantastisk kjensle, smiler Taijo Teniste.

Sogndal har nettopp vunne 5–2 mot Vålerenga og sikra 14.-plassen i eliteserien – og dermed kvalikkampar om eliteseriespel også neste sesong.

– Det var den fyrste skåringa mi, men forhåpentlegvis ikkje den siste, flirer den estlandske landslagsspelaren.

– Det er to viktige kampar att, legg han til og siktar til dei to kvalikkampane mot Ranheim den komande veka, dei to siste nittiminuttarane i Sogndal-drakta, før han set kursen mot Bergen og Brann.

– Det blir kjensleladd å reisa frå Sogn. Eg har vore her så lenge og fått mange vener.

Eirik Bakke

ROSAR: – Taijo er ein fantastisk profesjonell gut, som eg gjerne skulle ha hatt med vidare. Me kjem til å sakna han, seier trenar Eirik Bakke, som var letta etter at Sogndal berga kvalikplassen.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Lojal

Teniste kom til Sogndal i 2011. Han blei raskt ein suksess etter at han bytte ut Baltikum med Sogn. I dei over seks åra han har spelt i kvitt og svart, har han vore ein av berebjelkane på Fosshaugane Campus – alltid på eit stabilt høgt nivå.

Medspelarane og trenaren veit å setja pris på den smålåtne 29-åringen og skåringa hans.

– Taijo er ein lojal spelar. Du veit kva du får både på trening og i kamp. Han jobbar opp og ned og stengjer sida si. Taijo har gjort ein storveges innsats for Sogndal i dei åra han har vore her, seier kaptein Even Hovland.

Even Hovland

FORLØYSANDE: – Eg håpar Taijo si skåring var forløysande, slik at han puttar eit par til i dei to siste Sogndal-kampane sine mot Ranheim, smiler Sogndal-kaptein Even Hovland.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Skåringa til Teniste kom minuttet etter at Vålerenga-kaptein Christian Grindheim hadde utlikna til 2–2. På det tidspunktet hadde Aalesund grepet om kvalikplassen.

Letnaden på Sogndal-benken var difor stor då den ekstremt lite målfarlege høgrebacken gjorde det han ikkje tidlegare hadde gjort i Sogndal-karrieren:

– Eg sa til Terje (Skjedestad, keepertrenar) at når Taijo skårar, så vinn me iallfall. Eg eg fekk faktisk ei lita ro etter det, fortel Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Fjellvandrar

I tillegg til lagkameratane og gode vener i Sogn, kjem Teniste òg til å sakna fjella når han fer til vestlandshovudstaden.

Estlendaren har nemleg vore ein ivrig fjellvandrar og har vore på dei fleste høge toppane i indre Sogn og Jotunheimen, Galdhøpiggen medrekna.

– Når eg har hatt ein dag fri, har eg likt å gå i naturen. Det har vore god avkopling.

Spesielt dei fyrste tre-fire åra i Sogndal var han ivrig i fjellet. Men etter at han blei pappa til ei lita jente for ti månader sidan, har han trappa litt ned.

– Å bli far har vore fantastisk kjensle. Dei som har blitt far, veit akkurat kva eg pratar om.

Teniste er ikkje den som stikk seg fram og som har trong til å framheva prestasjonane sine, heller ikkje når det handlar om det fyrste Sogndal-målet i ein skilsetjande nedrykkskamp.

– Det viktigaste er at laget vinn. Det er ikkje så nøye kven som skårar.