Hopp til innhold

Endeleg sat han for duracell-Ramsland

SOGNDAL (NRK): Høg arbeidsmoral og hissig press – det har alltid vore varemerket til sogndalspiss Martin Ramsland. Søndag kom òg årets fyrste skåring heime på Fosshaugane.

Martin Ramsland

FÅTT TILBAKE GODKJENSLA: – Eg har skåra mange mål på trening den siste veka, seier Martin Ramsland, som her lagar sitt andre seriemål for sesongen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Martin Ramsland er så langt frå ei primadonna som me kan koma blant dei norske eliteseriespissane: Oppofrande springing og tøff kriging har gjort 24-åringen frå Marnardal i indre Agder til ein angripar det er ilt å møta.

Men med berre fem seriemål i 2016-sesongen og éin nettsus på dei tre fyrste seriekampane i år, har nokre sett spørjeteikn ved målteften. Søndag gav Ramsland dei svar på tiltalen:

– Det kjennest skikkeleg godt, seier Martin Ramsland etter 1-1-skåringa heime mot Strømsgodset.

Klinisk avslutting

Sogndal låg under 1-0 då lagkamerat Eirik Schulze gav Ramsland ein fin stikkar. Ramsland spurta inn i 16-meteren til Strømsgodset, og frå skrått hald sette han ballen kaldt i det lengste hjørnet forbi Godset-keeperen.

Den kliniske avsluttinga har ikkje kome av seg sjølv. Den siste veka har sogndalspissane fått køyrt seg ekstra på trening:

– Eg har skåra mange mål på dei mange avsluttingstreningane og har fått tilbake godkjensla, seier Ramsland.

Tor Ole Skullerud og Eirik Bakke

UAVGJORT: Strømsgodset-trenar Tor Ole Skullerud og Sogndal-trenar Eirik Bakke før kampen søndag.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Ny taktikk

Det er òg ei anna forklaring på skåringa til Ramsland. Etter 5-0-tapet mot Godset i sesongoppkøyringa, la trenar Eirik Bakke om til 4-5-1-formasjon før kampen søndag, og Henrik Furebotn og midtbanemakker Schulze måtte ta ein større del av duellfightinga:

– Det gjorde at eg slapp å kriga så mykje og hadde dermed meir krefter til å gå på løp, seier den i dag einslege spissen, som vanlegvis ikkje sparar seg i taklingane.

Sveen skada

– Det er moro for Martin som har jobba så hardt for laget, å få ein skåring, seier sogndaltrenar Eirik Bakke etter kampen.

At det har losna for Ramsland, er ikkje minst viktig etter at spissmakker Ole Amund Sveen braut foten i den førre heimekampen, mot Stabæk, for halvanna veke sidan.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Stabæk.

SOGNDALSPISS UTE AV SPEL: Ole Amund Sveen skåra for Sogndal mot Stabæk, men braut foten i duellen med keeper.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det er klart det blir mykje trøkk på Bendik (Bye) og Martin no, seier Bakke.

Ramsland vil ikkje talfesta kor mange skåringar har ambisjonar om i sesongen i år:

– Eg får skåra nok til å halda Bye på benken, smiler sørlendingen.