Hopp til innhold

Bø prøvde og prøvde, men skaut vekk EM-gullet

Tarjei Bø såg EM-gullet gleppe på siste skyting. Likevel er han godt nøgd med å sjå at VM-forma er i anmarsj.

Tarjei Bø

GULLET GLAPP: Etter to bom på siste skyting, trudde Tarjei Bø at han var ute av medaljekampen i Minsk. – Tre bom er som regel for mykje på ein slik distanse, men slik forholda var så vart det mykje dårleg skyting, seier han etter EM-sølvet.

Foto: NRK

– Det var veldig mykje bra i dag. Det viktigaste var å kjenne at eg er der eg skal vere i formoppkøyringa til VM. Der fekk eg eigentleg veldig bra svar, seier skiskyttaren frå Stryn etter EM-sølvet.

Gjekk fort i sporet

Tarjei Bø leia med god margin inn til siste skyting, men to bom i krevjande vind gjorde at bulgarske Krasimir Anev gjekk ut på sisterunden med ei leiing på 37 sekund.

Også tsjekkaren Ondrej Moravec var føre Bø ut frå siste skyting etter berre to tilleggsminuttar. Han kom i mål 18,7 sekund bak stryningen.

Endre Strømsheim tok bronsen under normaldistansen i Minsk. Anev snytte Bø for gullmedaljen med 3,7 sekund.

– Eg stod løpet i løypa heile vegen, men det var utfordrande på standplass. Eg fekk greie forhold tidleg i løpet, men siste skyting var vanskeleg. Eg stod lenge og prøvde og prøvde, men fekk det ikkje til i den sterke vinden, seier Bø.

Krevjande vind

Stryningen stod over verdscuprenna i Nord-Amerika og brukar EM til å finne forma til VM i Østersund i midten av mars. Etter to feilfrie skytingar, kom tilleggsminutta på liggande.

Av dei 100 som fullførte normaldistansen, makta berre 12 løparar å skyte fullt hus på siste skyting.

– Eg brukte nokre sekund for mykje på standplass. Det var først og fremst der gullet glapp. Skytetida kunne vore meir effektiv, seier Bø og fortel om vind som kom og gjekk.

– Vinden tek mykje i kroppen på ståande. Då må ein anten stå og vente til vinden roar seg, eller kaste alle korta og la det stå til. Eg prøvde på det første og det gjekk bra på første skyting, men ikkje den andre, seier han.

Håpar på EM-gull

Stryningen står over torsdagens mixed-stafett, men går både sprint og jaktstart i helga. EM er første harde testen etter ein periode med mykje trening for å finne VM-forma. Den ser ut til å vere betre enn venta.

– Det eg gjorde i løypa var hakket betre enn eg hadde trudd. Eg er eigentleg veldig glad, seier han og meiner medaljane ikkje er viktigast i EM.

– Det viktige er å kjenne at formkurva er rett inn mot VM. Men når ein først konkurrerer, så ynskjer ein å stå på pallen. Det gjer godt for sjølvtilliten, så dette var ein god start. Eg håpar å stå øvst i løpet av helga, avsluttar han.