NRK Meny
Normal

Elveeigarane fryktar at tjuvfiskarar robbar fjordane for villaks

NORDFJORDEN/FØRDEFJORDEN (NRK): – Eg er sikker på at det blir teke like mykje fisk på ulovlege garn i Førdefjorden, som me har som kvote i elva, seier Eiliv Erdal, leiar i Nausta elveeigarlag.

Statens naturoppsyn sin båt i Florø

PÅ JAKT: Statens naturoppsyn er nesten dagleg på leit etter ulovlege garn i Sogn og Fjordane. Her frå eit tokt i Nordfjord.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

No krev den erfarne fiskaren og elveeigaren at Statens naturoppsyn firedoblar kontrollane for å stoppe tjuvfisket som ifølgje staten har auka monaleg dei siste åra.

I elva Nausta i Naustdal har elveeigarane dei siste åra investert nesten ein halv million kroner for å gjera gyte- og oppvekstforholda betre for laks og sjøaure og fleire investeringar står på trappene.

Men mykje av fisken som i framtida skulle svømt opp her, kjem aldri lenger enn til eit ulovleg garn ute i Førdefjorden.

– Me har strenge kvotar, og sportsfiskarane deler synet på at me må ta vare på villaksen. Det er noko dei som driv dette egoistfisket, som eg kallar det, totalt ser vekk ifrå, seier Erdal.

Over heile landet blir det i sommar meldt om mange tilfelle av tjuvfiske etter den verdifulle villaksen.

– Elvane kan bli tomme

Eiliv Erdal

UROA FOR ELVA SI: Eiliv Erdal, leiar i Nausta elveeigarlag, kallar tjuvfiskarane egoistiske.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er Statens naturoppsyn, i lag med politiet, kystvakta og fiskeridirektoratet, som har ansvaret for å kontrollera kysten og fjordane. Men fylket er stort, og sjølv om SNO har ein båt ute på tokt nesten kvar dag frå vår til haust, meiner Erdal tilsynet burde vore firedobla.

– SNO her i fylket gjer så godt dei kan med dei avgrensa ressursane dei har fått, men dei burde hatt fire heiltidsstillingar til fiskeoppsyn. Om ikkje SNO får meir midlar, kan ein risikera at store delar av innsiget blir teke ulovleg, som igjen kan gjera at elvane blir nesten tomme for fisk slik at det må stengast, seier han.

Ulovlege fiskegarn i Førdefjorden

ULOVLEG GARN: 12 ulovlege garn er så langt beslaglagd i Sogn og Fjordane.

Foto: SNO

SNO: – Urealistisk

Så langt i år har naturoppsynet beslaglagd tolv garn i Sogn og Fjordane med den eine båten som går på tokt nesten dagleg. Men å setja inn fleire fire heiltidsstillingar i fylket er urealistisk, meiner direktør i Statens naturoppsyn, Per Prestrud.

Pål Prestrud

DIREKTØR I SNO: Pål Prestrud er direktør i Statens naturoppsyn. Han er for tida på ferie på Sørlandet, og ser dagleg ulovlege garn i skjergarden.

Foto: Miljødirektoratet

– I alle fall slik situasjonen ser ut no. Me har ikkje ekstra ressursar å setja inn på dette, og eg tvilar på at staten vil avsjå meir ressursar til å driva denne typen oppsyn, seier Prestrud.

SNO har 12 store båtar langs norskekysten som jaktar på ulovlege garn. Men kysten er lang, med mange fjordar, holmar, nes, skjær og andre stader ein kan gøyma vekk garn.

– Det som kan vera ein meir realistisk moglegheit er å auka bøtenivået og straffereaksjonane, og det er ein dialog me har med politiet kontinuerleg, held Prestrud fram.

Betalte eige oppsyn

Elveeigarlaga til dei fire elvane i Sunnfjord, Nausta, Gaula, Jølstra og Ytre Hyen, brukte i fjor om lag 100.000 kroner på ein eigen oppsynsmann for å kontrollera Førdefjorden.

Dei søkte om, og fekk, avgrensa politimynde, slik at dei kunne gjera beslag i dei ulovlege garna dei fann.

– Me gjorde det fordi me såg at SNO hadde for små ressursar, og ynskte å bidra på den måten, seier Erdal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune