Hopp til innhold

Elise Thorsnes kunne ikkje seie nei til å spele i USA

Proffspelar Elise Thorsnes bytar beite. Frå solfylte Canberra i Australia, skal ho no til Salt Lake City i USA. Det passar bra for den skiinteresserte sogningen.

Elise Thorsnes triksar ball på hovudet

MESTSCORANDE: Elise Thorsnes frå Leikanger er tidenes mestscorande kvinnelege fotballspelar.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Eg har sett bilete av Salt Lake City, og det verkar jo som naturen der er heilt fantastisk, seier Thorsnes.

Ho er ein ivrig skikøyrar, og fortel at det er noko av grunnen til at ho ser fram til å flytte til USA og spele i den øvste fotballdivisjonen der. Likevel har ho gått med på å signere ein kontrakt som seier at ho ikkje får lov til å stå på ski.

– Det er vel fordi dei er redde for at eg skal skade meg. Men eg har planar om å snike til meg nokre skiturar likevel. Eg veit at den eine trenaren min er veldig glad i å stå på ski, så eg får prøve å få med meg ho.

Elise Thorsnes frå Leikanger er den kvinnelege fotballspelaren i Norge som har scora flest mål i serien nokon sinne. No skal ho spele i ein serie som held eit høgare nivå enn ho har vore borti tidlegare.

– Dei seier at ligaen i USA er ein av dei beste i verda nett no. Eg trur det blir tøft, men ei bra utfordring for meg, seier Thorsnes.

Alta i Utah, utanfor Salt Lake city

STORSLÅTT NATUR: Det er gode skiforhold rundt Salt Lake City i Utah. Dette er frå skibygda Alta, litt utanfor byen.

Foto: Creative commons

Hadde bestemt seg for Sverige

Fleire klubbar i Kina, Sverige og England var interesserte i den målfarlege spissen. Like før ho signerte med Utah Royals FC var ho nærme å gjere ein avtale med den svenske klubben Rosengård.

– Men eg trur eg hadde angra resten av livet dersom eg hadde takka nei til å spele i USA. Profesjonaliteten og fasilitetane der gjer at damene får like moglegheiter som herrelaga. Også får eg rett og slett spele på eit veldig godt lag.

Kor stort er fotball i USA, då?

– Dei seier at dei største klubbane har mellom 10 og 20 000 tilskodarar på kampane, så det gler eg meg faktisk veldig til. Det er stort berre i meisterskap ein får oppleve den type publikum elles, seier Thorsnes.