Hopp til innhold

Toppserien sin mestscorande kvinnelege fotballspelar forlèt Noreg

Landslagsprofilen Elise Thorsnes får sin største draum oppfylt når ho no blir utanlandsproff i USA.

Thorsnes

KONGEPOKALEN: Elise Thorsnes og Avaldsnes vann cupfinalen for kvinner i 2017.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det har alltid vore ein draum for meg å spele i USA. Eg har fått tilbod om det før, men då har det aldri passa inn i livet mitt. Eg hadde nok angra om eg takka nei, seier Thorsnes.

Den 29 år gamle fotballspelaren bestemte seg i januar for å forlate Karmøy-klubben Avaldsnes etter tre år. Dei siste månadane har ho spelt fotball i Australia, noko som gav meirsmak på utanlandsopphald.

Tidenes kvinnelege toppscorar i Norge hadde fleire konkrete tilbod ståande, blant anna frå England, Sverige og Kina. Likevel var det tilbodet frå den amerikanske klubben Utah Royals FC i Salt Lake City, som trakk det lengste strået.

– Det stod mellom Sverige og USA. Tilbodet frå USA var for godt til å takke nei, og Sverige er ganske likt Noreg, seier Thorsnes.

Kontrakt for eitt år

Frå 25. februar skal ho på landslagssamling til Portugal. Frå mars av er 29-åringen på plass i USA.

– Eg veit ikkje kva som ventar meg, men ei eg kjenner seier fasilitetane er det beste ho nokon gong har opplevd. Trenarane og støtteapparatet ser ut til å vere veldig profesjonelt, så det er noko eg gler meg til å oppleve.

Tidlegare har landslagsprofilen takka nei til ein bråte med internasjonale toppklubbar, men etter opphaldet i Australia gjekk det opp eit lys.

– Det var ikkje den beste fotballen eg har vore med på, men det viste at eg klarte meg godt langt vekke frå familien min heime i Noreg, seier Thorsnes.

Thorsnes har kontrakt med den amerikanske klubben i eitt år.

Fotball damer

TIL PORTUGAL MED LANDSLAGET: Elise Thorsnes skal innom Portugal før ho tek turen til USA.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix