Hopp til innhold

Elevar evakuerte etter flaumfare

180 elevar ved Hornindal skule vart evakuert på grunn av fare for flaum i ettermiddag.

Storelva ved Hornindal skule

FLAUMFARE: Mykje snø og is har ført til proppar i Storelva som ligg like ved skulen.

Foto: Ståle Hatlelid

Rektor Tor Arne Aasen seier isproppar i elva som går like ved skulen er årsaka til at dei sende elevar og tilsette heim.

– Det er mykje is og snø som byggjer seg opp, og dette kan plutseleg losne, seier han.

Kan bli stengt i morgon

Elva ligg tett inntil skulen og skuleområdet ligg lågt. Med 180 elevar frå 1.-10. klasse tykkjer rektoren at det er best å vere føre var. Og sjølve ekvakueringa gjekk greitt, fortel rektoren.

– Den gjekk smertefritt, og både elevar og tilsette handla etter beskjed frå meg. Dersom faren aukar på, vurderer vi å halde stengt i morgon også.

Følgjer situasjonen utover natta

Ordførar Edvin Haugen seier i 21-tida at dei følgjer situasjonen nøye utover natta. Han fryktar at Storelva skal lage nye løp og at det kjem meir is frå dalen.

– Vi har sett opp ein vaktplan, for vi har fleire elvar vi må følgje med på. I Storelva er det framleis mykje is, og denne har ikkje sleppt.

Klokka seks tysdag morgon er det kalla inn til beredskapråd i kommunen. Då blir det avklart om det blir vanleg skuledag eller ikkje.