Hopp til innhold

Åtvarar mot farlege elvedemningar

Det bråe mildvêret, kombinert med den lange kuldeperioden tidlegare i år, gjer at ein fleire stader risikerer farlege elvedemningar.

Is i elva Anga

ISDEMNING: NVE åtvarar mot farlege elvedemningar. I Førde følgjer kommunen og NVE utviklinga i Anga tett.

Foto: Steinar Lote / NRK

Mykje nedbør siste dagane fører til høg vasstand i mange elvar.

- Følg med

Helge Leiv Nordvik i NVE

FØLG MED: Helge Leiv Nordvik i NVE ber folk følgje med på det som skjer i elvane.

Foto: Bård Siem / NRK

Norges Vassdrags- og energidirektorat, NVE, oppmodar folk som bur nære elvar om å følgje godt med.

- Fleire stader er isen no botnfrosen og vatnet går over isen. Når isen losnar kan den demme seg opp og det kan byggje seg store vassdemningar, seier Helge Leiv Nordvik i NVE.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elva Anga i Førde

HØGT: Vatnet i Anga er to meter høgre enn normalt. Biletet er tatt i Angedalsvegen.

Foto: Bård Siem / NRK

I Jølster vart ein mann som arbeidde i Gjesdalselva dratt med av is og snømassar under arbeid måndag morgon. Mannen vart funnen att fleire hundre meter lenger nede i elva.

Nedbøren har også ført til ei rekkje snøskred. Måndag morgon var over 20 vegar stengt på grunn av ras eller fare for ras. I Jølster sperra eit stort sørpeskred E39 i fleire timar.

To meter høgre enn normalt

Saman med Førde kommune var NVE måndag føremiddag ute for å vurdere situasjonen ved elva Anga ved sentralsjukehuset i Førde.

Måndag er elva to meter høgre enn normalen etter at is og snømassar har hopa seg opp og stogga vassmassane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Is i elva Anga

ISDEMNING: NVE åtvarar mot farlege elvedemningar. I Førde følgjer kommunen og NVE utviklinga i Anga tett.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Det er mange år sidan vasstanden har vore så høg her. Folk som bur i nærleiken av elvene bør følgje med på korleis ting utviklar seg, seier Nordvik.

Han oppmodar folk som har spørsmål eller problem om å kontakte kommuneleiinga der dei bur.